Unneset 7 (Fetts fk.nr.8/4-5-6-13)
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Heilt NO i feltet ligg gravrøysa fk.nr. 8/4. Dette er ei langrøys som er orientert NV-SO. Ho er 16 m lang og 5 m brei på det breiaste (midt på). Endane er spisse. Høgda er kring 0,3 m (i O). Ho er bygd opp av steinar/blokker frå 0,2-0,8 m i tverrmål. Røysa er klårt markert og relativt tydeleg i terrenget. Det er mest naken stein, men mellom steinane veks det noko gras. Eit nyregistrert helleristningsfelt, ligg 23 m V for søre spissen av langrøysa, fk.nr. 8/4. Feltet ligg på eit svaberg som skrår mot S. Feltet er orientert O-V og er 8,5 m langt i denne retninga. Det er 2,5 m breitt N-S. Figurane er vanskelege å få auge på, men her skal vere nokre skip og groper. Rundt svaberget er det gras, og det er og litt gras og mose i sprikker i berget.Gravrøysa fk.nr. 8/5 ligg 35 m SO for det nyregistrerte helleristningsfeltet. Røysa ligg på ein knaus som er orientert NV-SO. Ho er kring 10 m i tverrmål og 1,3 m høg. Ho er bygd av steinar/blokker som har ein storleik frå 0,1-0,6 m. Røysa er klårt markert og tydeleg i terrenget. Her er naken stein, men nokre av dei er litt mosegrodde. I vestre delen veks det noko lyng og bregnar. I sentrum er det eit lite, grunt søkk. Dette er 4,5 m i tverrmål, men i V er kanten på dette søkket uklårt, då stein er rasa ut herfrå, og ned på svaberga under. Djupna på søkket er ca. 0,4 m. I nordaustre del av røysa er og stein rasa ut nedover ei lita skråning. I S ligg ei helle. Ho er orientert NV-SO og er 1,10 m lang, 0,50 m brei og 0,10 m tjukk. Midt i røysa står det ein stolpe.Gravrøysa fk.nr. 8/6 ligg på same knausen som fk.nr. 8/5, 1 m SO for denne. Røysa er kring 8 m i tverrmål. Høgda (målt i SO) er 0,7 m. Ho er bygd av steinar/blokker frå 0,15-0,50 m. Det er berre synlege steinar i O og S. Her ligg dei som eit halvmåneforma belte i utkanten av røysa. På det breiaste (i SO) er dette beltet 3 m. I N og V er røysa særs uklårt markert, avdi det her berre er lyng. Den sentrale delen av røysa er og tilvaksen med lyng. I S er stein frå røysa kasta utfor skrenten ned på eit svaberg.Helleristningsfeltet fk.nr. 13 ligg 35 m SSO for det nyregistrerte ristningsfeltet, og kring 10 m V for fk.nr. 8/5. Feltet ligg på eit O-V-gåande svaberg som skrår svakt mot S. Berget er noko oppsprukke. Det er gras og mose i desse sprikkene. Figurane er ikkje lette å sjå, men eit par skip er synlege, avdi dei har vore oppmåla. Her skal vere fleire skip og nokre groper.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 4 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 0 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Bergkunst· Askvoll
Unneset 8
Gravfelt· Askvoll
Fetts fk.nr. 8/2-3
Bergkunst· Askvoll
Unneset 5 (Fetts fk.nr. 9 og12/1-2)
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.