Storie
Bergkunst

Unneset 5 (Fetts fk.nr. 9 og12/1-2)

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Fornminnesamlinga er orientert NV-SO og strekkjer seg kring 25 m i denne retninga. SV-NO er utstrekninga ca. 15 m.Gravrøysa fk.nr. 9 ligg N i fornminnesamlinga. Røysa er orientert NV-SO. I denne retninga er ho 8 m. SV-NO er ho kring 6,5 m. På det høgaste (i NV) er ho 0,8 m. Røysa er klårt markert og tydeleg i terrenget. Ho er bygd av steinar/blokker frå 0,15-0,6 m i tverrmål. Ein del av desse ligg nakne, men midt i røysa veks det mykje brake. Det er to heller i røysa, som ligg i dagen. Den eine ligg i SSO og er orientert O-V. Ho er 1,0 m lang, 0,6 m brei og 0,1 m tjukk. Den andre ligg i nordvestre del av røysa. Denne er orientert N-S og er 0,8 m lang, 0,5 m brei og 0,05 m tjukk. Helleristningsfeltet fk.nr. 12/1 ligg på ei bergflate 2-3 m SV for fk.nr. 9. Bergflata er orientert O-V og skrår lett mot S. Lengda på denne flata O-V er 5,20 m. Ho er kring 4 m N-S. Rundt berget veks det gras og lyng. Det er nokre sprikker i berget, som det veks gras i. Eit par båtfigurar og nokre groper er måla opp. Desse ligg i austre delen av bergflata og strekkjer seg 2,60 m mot V. Her skal vere nokre fleire skip og groper, men dei er vanskelege å sjå. Helleristningsfeltet fk.nr. 12/2, ligg 15-20 m SO for fk.nr. 9. Feltet ligg på ei bergflate som er orientert O-V og som hallar lett mot S. Berget er 10 m O-V og kring 8 m N-S. Det er nokre sprikker med gras og mose. Her er båt, to dyr med kjerre og menneske. Figurane er oppmåla. Dei ligg mellom 5,9-7,1 m V for den austlege kanten og mellom 3,0-3,3 m N for den sørlege kanten av bergflata.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
4 enkeltminner
Stedfesting
± 0 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.