Storie
Gravfelt

Fetts fk.nr. 8/2-3

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Røysa fk.nr. 8/2 er 8 m N-S og 7 m O-V. Høgda er kring 0,6 m. Ho er bygd opp av steinar/blokker frå 0,15-0,6 m i tverrmål. Røysa er godt markert og er tilnærma kvadratisk med jamne, rette sidekantar. For det meste ligg steinane nakne, men nokre av dei er tilvaksne med mose. Det veks nokre brakebusker i røysa. Sentralt i røysa er det eit lite krater. Dette er kring 2 m i tverrmål og 0,5 m djupt. Nedi krateret ligg ei helle, orientert O-V. Hella er ca. 1 m lang, 0,4 m brei og 0,05 m tjukk. I røysa er det dessutan og fire andre heller. To av desse ligg i nordlege del av røysa. Ei av dei er orientert O-V. Ho er 1,0 m lang, 0,5 m brei og 0,1 m tjukk. Den andre hella her er orientert N-S. Ho er 1,0 m lang, 0,6 m brei og 0,07 m tjukk. I søre kant av røysa ligg dei to siste hellene. Den eine er orientert NV-SO. Ho er 1,1 m lang, 0,5 m brei og 0,07 m tjukk. Den andre er orientert O-V. Ho er 1,2 m lang, 0,4 m brei og 0,05 m tjukk.Røysa fk.nr. 8/3 ligg 3 m S for fk.nr. 8/2. Ho er 6 m N-S og kring 12 m O-V. Høgda er kring 0,4 m (målt i O og V). Røysa er bygd opp av steinar/blokker frå 0,15-0,7 m i tverrmål. Ho er noko uklårt markert og ikkje så tydeleg i terrenget. Store deler er utkasta, slik at det i den sentrale delen er mest steinfritt. Tydelegast er ho i O og V, der eit belte av stein ligg att. Ho ser ut til å ha hatt om lag same form som fk.nr. 8/2, med rette sidekantar, men har altså vore meir rektangulær. Breidda på steinbeltet som ligg att i O er 3,5 m. I V er det 4 m. I nordlege del av røysa veks det brake, elles er ho graskledd.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
2 enkeltminner
Stedfesting
± 0 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.