Storie
Bergkunst

Fetts fk.nr. 4 Svartaberget

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Skålgropene ligg innanfor eit 2x2 m vidt område, på eit heller flatt parti av berget. Tre av dei ligg tett saman i ein trekant, heilt ute på kanten mot NV. Gropene ligg slik at ein får ein likebeina trekant med toppunktet i V, der grunnlina er 20 cm og høgda 30 cm. Dei to gropene ved grunnlina er 7 cm i tverrmål og 2 cm djupe. Gropa ved toppunktet er 5 cm i tverrmål og 1,5 cm djupt.1,2 m N for den sørlegaste gropa i trekanten ligg ei fjerde grop. Denne er 6 cm i tvermål og godt 1 cm djup.1,6 m O for søraustlegaste gropa i trekanten ligg ei femte grop, 6 cm i tverrmål og 1,5 cm djup. På flata der gropene ligg er det noko mose og lav. Nordanfor er berget grasvakse og austanfor veks det lyng og einebusker. 250 m VSV for Lahella på Lahellestranda stikk det ut eit 40 m langt og 5-7 m breitt svaberg som vert kalla Svartaberget. Heilt i vestre kant felledette berget bratt ned mot stranda, men går jamnt over i den nordaforliggjande, skrånande, skogvaksne blokkmarka. Skålgropene ligg heilt i NV, der svaberget endar i ein bratt kant mot V. Dei ligg øvst oppe på berget kring 9 m frå sjøen.Her er fritt utsyn sørover Hjørundfjorden, vestover Vartdalsfjorden og innover Storfjorden.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
1 enkeltminne
Stedfesting
± 10 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.