Fetts fk.nr. 2/1 og 2/4
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Samlingi er samansett av to haugar. Fett nemner tre til her, men dei er ikkje lenger å sjå.1. Haug, som vert kalla Kaffihaugen, (fk.nr. 2/1 i Fett 1954), ligg lengst S, tett N for kraftline, som tangerer SSO-kanten. Ein stolpe står tett SO for haugen og gjerdet mot bnr. 4 tangerer SO-kanten. Fett 1954: ".........Haugen er 30 m i tverrmål, no 3 m høg og dekt med tjukk torv. Neumann oppgir høgda til 6 alner (ca. 4 m). Han sette i gang graving i 1830 og gjorde funn laust i fylla. På botnen ei hellekiste N-S med ein einaste svær overliggjar på 3 x 1 1/4 alner. På denne låg never og "hist og her nogle mindre flade stene". I kista var berre jord. Det er enno eit djupt skor i haugen, som viser av gravinga gjekk inn frå VSV. No tilgrodd med tre. Funnet kan ikkje identifiserast".Kommentar 28/6 1976: Haugen er som nemd av Fett.2. Haug, som vert kalla Ospehaugen, (fk.nr. 2/4 i Fett 1954), ligg 60 m NNV for 1. Fett 1954: ".......20 m tverrmål, 2,5 m høg, avskaven på toppen til potetreit. No tilgrodd med kratt og noko stein innpåkasta. I vestre del er det ei mengd evjesand i fylla".Kommentar 28/6-1976: NV-kant av haugen er tangert av ein veg. Ein del stein er dyngja ihop som eit gjerde på toppen. Elles som Fett 1954.Haug, (fk.nr. 2/5) som ifylgje Fett 1954 ligg tett SO for Ospehaugen, 17 m tverrmål, 2 m høg, haug (fk.nr. 2/6) som ifylgje Fett 1954 ligg tett SO for 5, 14-15 m tverrmål, 1,5 m høg og langrøys, (fk.nr. 2/7) som ifylgje Fett 1954 ligg 60 m SO for Ospehaugen, 14 x 7 m NV-SO, er korkje ved registreringi 28/6 1976 eller ved kontrollen den 12/7 1977 mogelege å finna. Området er no lagt ut til solbærfelt, og det er vanskeleg å seia om dei høgningane som kan skimtast her er restar av haugane.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 2 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 0 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.