Fetts fk.nr. 1/1-8
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Feltet er samansett av:1. Haug (fk.nr. 1/1) ligg ytst på O-spissen av terrassen, tett N for vegen til elvi. Haugen er 8 m i tverrmål, 1/2-3/4 m høg, grasgrodd. Her er synleg to sider av ein grunnmur til ein liten bygning som har stått på toppen.2. Haug (fk.nr. 1/2) ligg 15 m SV for 1, 8 m i tverrmål, 3/4 m høg, grasgrodd. Ligg på S-sida av vegen og er noko avskoren i N-kant.3. Haug (fk. nr. 1/3) ligg 2 m VNV for 2, 9 m i tverrmål, 1/2 m høg, litt avskoren i S-kant.4. Haug (fk.nr. 1/4) ligg 2 m S for vegen, og haugkanten i V når mest heilt inntil ein husvegg. 12 m i tverrmål, 1 m høg, grasgrodd. Søkk i midten, der det har stått eit hus.5. Haug (Tinghaugen), (fk.nr. 1/5), ligg ca. 25 m V for 4, med kanten heilt inntil huset åt Olav J. Ohnstad. 22 m i tverrmål, 3 m høg, dekka av tjukk grastorv, rund og jamn av form. Langs haugkanten går ei fotkjede som no er dekka av jord. Flata V for haugen heiter Leikarvollen.6. Haug (fk.nr. 1/6). Fett 1954: ".......skal ha lege 5 m S for 5, men nå berre ei låg høgning att. Utgraven 1861 utan funn".Kommentar 11/7-1977: Ingen synlege spor etter haugen.7. Haug (fk.nr. 1/7). Fett 1954: ".........ligg 15 m SSV for 5. 15 m i tverrmål, 1 m høg, sterkt skadd i midten og søre kant. Her har stått hus. Mogleg=6".Kommentar 11/7-1977: Torv- og grasdekke over det heile, men steinar stikk opp mange stader. Mykje av den NV-lege delen er graven ut.8. Langhaug (fk.nr. 1/8), ligg på N-sida av vegen, ytst på terrassekanten, i hage. 17 x 4 m O-V, 1/2 m høg, grasgrodd. Avrunda i endane.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 7 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 0 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Gravfelt· Aurland
Fetts fk.nr. 2/1-3 - Gravfelt på Byggjaren - Ohnstad
Kirkested· Aurland
Aurland kyrkjestad
Kirkested· Aurland
Rygg kyrkjestad
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.