Aurland kyrkjestad
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Lokalitetsavgrensing er basert på de arkeologiske undersøkingane, kyrkjegardsmuren og eldre kart. Vi har nytta kart frå Aurlandsvangen i 1864, jordskiftesak gnr. 12, kartnummer 1450-1961 ( 1961 er feil, det skal vere 1864). På kartet kan vi sjå delar av kyrkjegarden i sør, vest og nord. Det ser ut til at eigedomsgrensene i nord samsvarer med situasjonen i dag. Basert på desse grensane og bygningane på kartet så har vi definert ein grense på mellomalderkyrkjegarden i nord som vi meiner kan stemme. Ved to undersøkingar på staden (24.04 og 10.-11.08.2022) blei det registrert sju graver totalt. Gravene har ein plassering på kyrkjegarden som viser avvik frå den moderne drifta. 83816-3 er eit kranium med god kontekst i ei grav som vart funne i april. Dette funnet vart gjort utan arkeolog til stades, men Lars Jølle Berge var raskt på staden og gav stoppordre i påvente av dateringsresultat. Det var då grave 65 cm ned, som også er botn av grava. Med det kunne den allereie eksponerte profilveggen dokumenterast. I august var Berge tilbake saman med Isabel Furesund Berge for å overvake det resterande gravearbeidet. Langs kortsida, aust for koret vart det grøfta tett inn mot kyrkjeveggen. Seks graver vart avdekka i flate, samt ein trekolhaldig struktur. Det opprettast ikkje enkeltminner for desse strukturane, men dei inngår i enkeltminne 83816-2. Langs sørveggen av kyrkja er det funne fleire steinheller som truleg har hatt ein drenerande effekt. Sjakt 2 er graven frå nordaustleg hjørne av kyrkja, langs austveggen, langs mot koret. I sjakta vart det funne ein trekolhaldig struktur og seks graver. Ein vassleidning går parallelt med sjakta langs austleg profilkant. Sjakta er grave med ein djupne på 40-45 cm. Undergrunnsmassane er ein fin, porøs og ljos sand. Sidan det er så mange strukturar i denne sjakta, er denne sanden berre unntaksvis synleg. Massane mellom torva og undergrunnen består av jordhaldig sand med nokre nevestor stein innimellom. Det er store mengder beinmateriale i desse massane, samt i toppen av dei fleste strukturane. Breidda på sjakta er om lag 70 cm. Den trekolhaldige strukturen har datering til romartid og skiljer seg klart frå gravfeltet.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 3 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 5 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Kirkested· Aurland
Rygg kyrkjestad
Gravfelt· Aurland
Fetts fk.nr. 1/1-8
Gravfelt· Aurland
Fetts fk.nr. 2/1-3 - Gravfelt på Byggjaren - Ohnstad
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.