Storie
Gravfelt

Vevatne - Fetts fk. 1/1-5 + nyreg (2008), Sandbrekka

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Røysa fk. 1/1 er 4 m i diameter og 0,5 m høg. Ho er overvaksen av gras, mose og blåbærlyng, men ei 0,9 x 0,5 m stor mosedekt blokk ligg i dagen i sentrum. I S er kanten utydeleg og her ligg mosegrodd stein utanfor. Røysa er lite synleg i lendet. Einebusker og gran veks tett inn til røysa i NV. Røysa fk. 1/2 som ligg 17 m SV for fk. 1/1, måler 5 x 4 m (N-S). Ho er ca. 0,7 m høg og heilt overgrodd av gras og mose. Men stein kan kjennast under grasdekket. I SO er ei 0,8 x 0,8 m stor mosedekt blokk. Røysa er noko uregelmessig av form og verkar utkasta i vestre delen. Ho er utrasa mot O. På grunn av det tuete lendet er ho vanskeleg å avgrensa mot bakken rundt. Røysa er lite synleg. Røysa fk. 1/3 ligg 4 m SO for fk. 1/2. Ho er lagt opp mot austre og søraustre delen av ei 2,0 x 0,4 m stor blokk i ein halvsirkel med diameter 3,8 m (N-S). Høgda er 0,5 m. Røysa er overvaksen av mose og gras, men stein kan kjennast under vegetasjonsdekket. Grantre står tett inn til røysa i N og V. Ho er dårleg markert og lite synleg. Det kan vere tvil om dette er ei gravrøys. Røysa fk. 1/4 ligg ca. 3 m V for fk. 1/3. Ho er 3 m i diameter, 0,5 m høg og heilt tilgrodd med mose og gras. I O er kanten klårt markert, men røysa verkar avskoren i NV. Grantre veks tett inn til røysa, som er lite synleg. Ein del greiner er kasta inn på røysa i SV. Røysa fk. 1/5 ligg kring 19 m SO for fk. 1/4, tett O for skogsvegen. Ho er ca. 4 m i diameter, 0,5 m høg i O og tilgrodd med gras og mose. I toppen er eit 2,2 m vidt, men grunt søkk og i V, S, og O ligg 0,2 - 0,4 m store mosedekte steinar/blokker i dagen. Røysa er klårt markert i O og S, men er utydeleg i N og V. Ho ligg i ein lysåpning i skogen og er av den grunn meir synleg enn dei andre røysene. Greiner er kasta inn på røysa i N. NB. Det vart registrert ei ny røys like N for fk. 1/1 den 8. oktober 2008. Røysa er omlag sirkelforma, og er bygd rundt ein jordfast stein. Ho er mosegrodd, men skil seg likevel frå skogbotnen elles.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
6 enkeltminner
Stedfesting
± 1 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.