Storie
Gravfelt

Meland - Fetts fk. 1/1-31, Årbakkavollen

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Gravfeltet strekkjer seg over eit 110 x 45 m stort område, orientert NO-SV. Haugen Fetts fk. 1/1 ligg i V-kanten av feltet nær den N-S gåande bergryggen i kanten av lauvskogen, ca. 70 m NNV for SV-hjørnet på saga på bnr. 4. Han er kring 6 m i tverrmål, innskoren frå O og vanskeleg å avgrensa her. I N og S er kantane godt markerte. Haugen er heilt overvaksen av gras og han er lite synleg. Bautasteinen Fetts fk. 1/2 står ca. 32 m NO for fk. 1/1 med breisidene mot SSO og NNV. Han er 2,25 m høg, 0,65 m brei og 0,07 m tjukk, avsmalnande mot toppen med eit lite hakk i V. Kring bautaen veks busker med hegg, rogn og or, eine, klunger og bjørnebærris. Haugen Fetts fk. 1/3 ligg 7 m ONO for fk. 1/2. Han er 7 m i diameter og knapt 0,3 m høg. Haugen er overvaksen av gras og har eit grunt søkk i midten. På haugen veks einebusker i N og O og klungerkratt finst utanfor haugen i NO. Haugen er vanskeleg å avgrensa mot grasmarka rundt og han er lite synleg. Bautasteien Fetts fk. 1/7 ligg 19 m ONO for fk. 1/3. Han er 2,45 m høg, 1,05 m brei og 0,10 m tjukk og står på ei flate med elvegrus. Breisidene vender mot SO og NV og steinen er avsmalnande mot toppen som er avrunda. Kring flata veks eine, ask og klunger. Bautasteinen Fetts fk. 1/8 står 13 m O for fk. 1/7. Han er 1,5 m høg, 0,38 m brei og 0,02 (i NO) - 0,12 (i SV) m tjukk, avsmalnande mot toppen. Breisidene vender mot SSV og NNO. Nær bautaen veks klunger i SV og SSO og rogn, ask og eine i V. Langhaugen Fetts fk. 1/9 ligg 7 m SSO for fk. 1/8. Han måler 14 x 5 m (O-V) og berre ein rest ligg att. Haugen er overvaksen av gras, svært utydeleg og lite synleg. Klunger og eine veks i austre enden. Haugen Fetts fk. 1/11 ligg ca. 13 m O for fk. 1/8 og 7 m ONO for fk. 1/9. Han er 0,5 m høg, grasvaksen og måler 9 x 6 m (N-S). Det finst spor etter vollar i NO, S og SO og i sentrum er eit søkk. Her stikk 0,1 m store mosedekte steinar fram i dagen. Utanfor haugen i V ligg ei 0,8 x 0,8 m stor helle. Kring haugen veks det eine og klunger. Han er utydeleg og lite synleg. Haugen Fetts fk. 1/12 ligg 2 m O for fk. 1/11. Han måler 8 x 5,5 m (N-S) og er 0,45 m høg i N. I haugen er rester etter ei 2,8 x 0,5 m (VNV-OSO) stor kiste, men fotkjeden som Fett nemner er ikkje synleg lenger. Kring kista finst tydlege vollar som er overgrodde av mose og lyng i N og O. Haugen er utydeleg, særleg i V, men syner att i terrenget. Ein sti går like i V-kant av haugen. Haugen Fetts fk. 1/13 ligg 5 m S for fk. 1/12. Han er låg, kring 9 m i diameter og grasvaksen. I søre kant stikk ein stein i dagen. Det er mogeleg å avgrensa haugen mot marka rundt med unnatak av vestre delen, der ein N-S gåande sti går forbi. Haugen Fetts fk. 1/14 ligg 2,5 m NO for fk. 1/13 like ved vegkrysset mellom vegen ned til saga på bnr. 4 og vegen ned til handelshuset i Årbakkavika. Han er ca. 8 m i diameter, låg, grasvaksen og vanskeleg å avgrensa mot bakken ikring, særleg i V. Eine veks i NO. Haugen Fetts fk. 1/15 ligg kring 3 m NV for fk. 1/14. Han er ca. 5 m i diameter, 0,3 m høg med eit søkk i midten. Haugen er overvaksen av gras og går i eitt med bakken i V. Han er utydeleg, men synleg. Einebusker veks langs kanten i N og O og i austre kant av søkket. Haugen Fetts fk. 1/16 ligg 9 m VNV for fk. 1/15 og 4,5 m N for fk. 1/12. Han er 9 m i diameter, 0,6 m høg og grasdekt. I søre delen står to 0,5 m store heller på kant og mindre stein, 0,3 m store, ligg O for hellene. Ei forsenking, 3,2 m N-S, kan følgjast N for hellene og i nordre kanten ligg to steinar i dagen. Dette kan vere restar av ei kiste. Haugen er relativt bra markert i O og N, meir utydeleg i S, og syner igjen i terrenget. I sentrum står ein klungerbusk og langs kantane av den mogelege kista veks einebusker og blåbærlyng. Bautasteinen Fetts fk. 1/18 står 12,5 m OSO for fk. 1/16. Han er 0,7 m høg i SV, men skrår mot bakken i NO. Bautaen er 0,1 m tjukk i NO. Terrenget skrår ned mot veg i SO. Eine veks rundt bautaene. Steinringen rundt som Neumann nemner, er umogeleg å påvisa i dag. Haugen Fetts fk. 1/19 ligg ca. 2,5 m ONO for fk. 1/16. Han er overvaksen av gras og lyng og vanskeleg å avgrensa, særleg mot S. Men diameter på haugen kan målast til ca. 6,5 m. I haugen er eit 1,8 x 1,4 m vidt og 0,3 m djupt søkk. Einekratt veks tett inntil haugen i NO, O og SO. Han er svært utydeleg og syner lite att i terrenget. Haugen Fetts fk. 1/21 ligg tett NO for fk. 1/19. Han er låg, 4 m i diameter og overvaksen av gras, lyng og mose. Haugen går i eitt med bakken rundt i N og NO og er av den grunn svært utydeleg og vanskeleg å få auga på. Bautasteinen Fetts fk. 1/22 står 7 m SO for fk. 1/21. Han er 3,4 m høg, 0,7 m brei, 0,07 m tjukk, avsmalnande mot ein spiss i toppen. Breisidene vender mot SO og NV. Bautaen hallar noko mot SO. Ca. 1,35 m over bakken er eit innhogge merke på NV-sida. Det er ein vassrett strek som går frå nordaustre kant mot SV og blir kryssa av ein strek nedanfrå. Rundt steinen er bakken grasvaksen. Ein steinring rundt bautaen nemnt av Neumann, kan ikkje påvisast. Haugen Fetts fk. 1/23 ligg 3,7 m NNV for fk. 1/22. Han måler 10 x 7,5 m (N-S) er låg og grasvaksen. Stein, 0,2 m stor, ligg i dagen i NV. Ei sjakt, orientert NNV-SSO, går gjennom haugen. Ho er svært utydeleg, men spor av vollar finst i SV og NO. Haugen er lite synleg. På vollane veks eine og lyng. Kring 13 m NNO for fk. 1/23 på NO-sida av vegen ned til Årbakkavika ligg ei lita gras- og mosedekt forhøging i tett einekratt. Høgda er 0,5 m i SSV mot vegen og diameter kan målast til 7,8 m (NO-SV). Forhøginga ligg i bakkekanten der terrenget skrår ned mot ein bekk i O. Langs bekken veks tette orekratt. Forhøginga kan vera rester av Fetts fk. 1/24. Langhaugen Fetts fk. 1/29 ligg ca. 32 m S for fk. 1/3 tett ved nettinggjerdet som avgrensar gravfeltet mot SO. Han måler 12 x 5 m (VSV-ONO), er låg, grasvaksen og går delvis i eitt med marka ikring. I vestre delen finst tynn mosetorv over grus. Haugen er dårleg markert, men synleg. Ein einebuske veks i SV-hjørnet. Haugen Fetts fk. 1/30 ligg tett SV for fk. 1/29 like NV for same nettinggjerdet. Han er ca. 9 m i diameter, låg og overvaksen av gras. Haugen er dårleg markert, men syner relativt godt att i terrenget. I søraustre delen veks einebusker og klunger. Langhaugen Fetts fk. 1/31 ligg tett SV for fk. 1/30 i SV-hjørnet av gravfeltet. Han måler 14 x 5 m (NO-SV), er 0,3 m høg og gras- og mosedekt. Han er dårleg markert, men relativt godt synleg. Ei seljebuske veks i NV-hjørnet og ei klungerbuske står i SO. NB: Gravfeltet er svært tilgrodd med eine, klunger og gras. Av den grunn er haugane lite synlege og vanskelege å identifisere.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
34 enkeltminner
Stedfesting
± 2 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.