Fetts fk.nr. 10/1-7 Råneset
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Feltet er orientert O-V og er kring 45 m denne vegen. I N-S er utstrekninga kring 30 m. Røysa fk.nr. 10/1 ligg kring 60 m SO for R 021 (fk.nr. 12/3), og heilt V i feltet. Ho er 7 m i tverrmål. I S er høgda 1 m (ho er høgast her). Røysa er bygd opp av steinar/blokker frå 0,1-1,0 m. Midt i er eit krater som er 2 m i tverrmål og 0,6 m djupt. Her veks det lyng og brake, elles er det mest naken stein i røysa med noko mose her og der. I V og S er røyskanten fint markert med store blokker, gjennomsnittleg 0,8 m store. I søre halvdel av røysa er det dessutan og ei stor blokk, men det er umogeleg å måle henne avdi ho er så overgrodd. Røysa er elles godt markert og tydeleg i terrenget. Røysa fk.nr. 10/2 ligg 6 m SSO for 10/1 (målt frå kantane). Ho er orientert O-V og er 6,5 m i denne retninga. N-S er ho 3 m. Høgda er 0,3-0,4 m. Røysa er lagd oppå eit svaberg og er noko uklårt markert. Ho er utrasa i S. Steinane/blokkene i røysa er frå 0,1-0,5 m. I austre delen er det eit grunt søkk, ca. 1,5 m i tverrmål og ca. 0,2 m djupt. I austre del av dette søkket ligg ei helle. Ho er orientert SSO-NNV og er 1,0 m lang, 0,7 m brei og 0,05 m tjukk. Det veks litt gras og mose mellom steinane i røysa. Røysa fk.nr. 10/3 ligg 1 m O for fk.nr. 10/2 (målt frå kantane). Ho er kring 5,5 m i tverrmål. Ho er høgast i S, der ho måler 0,8 m. Røysa er klårt markert og tydeleg i terrenget, men noko utrasa i S. Steinane i røysa er frå 0,1-0,6 m. I nordlege delen av røysa er det eit krater. Dette er kring 2 m i tverrmål og 0,7 m djupt. Det er naken stein i røysa, men noko mose her og der. I søkket veks det gras, mose og bregnar. Røysa fk.nr. 10/4 ligg 8,5 m O for fk.nr. 10/3 (målt frå kantane). Ho er 6 m i tverrmål. Ho er høgast i S der ho måler 1,0 m. Steinane/blokkene er frå 0,1-0,6 m store. Røysa er klårt markert og tydeleg i terrenget, men noko utrasa i V. Det er eit krater midt i røysa. Dette er 2 m i tverrmål og 0,6 m djupt. I nordlege del av krateret ligg ei helle. Ho er orientert O-V og er 1,0 m lang, 0,6 m brei og 0,10 m tjukk. Det er naken stein i røysa, med noko mose imellom her og der. I krateret veks det mose og nokre bregnar. Røysa fk.nr. 10/5 ligg 1,5 m O for fk.nr. 10/4 (målt frå kantane). Ho er kring 12 m i tverrmål. På det høgaste (i S) er ho 1,10 m. Røysa er bygd av steinar/blokker frå 0,1-0,6 m i tverrmål. Ho er klårt markert og tydeleg i terrenget, men noko utrasa i SV og N. Denne røysa ligg høgast av alle på feltet, på ein liten naturleg forhøging i landskapet. Sentralt i røysa er det eit krater, kring 2 m i tverrmål og 0,6 m djupt. I nordlege del av røysa ligg ei helle. Ho er orientert SSV-NNO og er kring 1,0 m lang, 0,6 m brei og 0,1 m tjukk. I røysa er det mest naken stein, men litt mose og lyng veks her og der. I krateret veks det bregnar. Røysa fk.nr. 10/6 ligg på eit lite bergplatå, 4 m ONO for fk.nr. 10/5 (målt frå kantane). Ho er 7 m i tverrmål. I S er høgda 0,8 m. Røysa er noko uklårt markert, avdi ho er mykje overgrodd med lyng og utkasta i S. Ho er bygd av steinar/blokker frå 0,15-0,6 m i tverrmål. Det ser ut til å vere fjerna noko stein i austre og nordlege del av røysa, slik at den sentrale delen og den vestre delen ligg noko høgare. Røysa fk.nr. 10/7 ligg 18 m S for fk.nr. 10/6 (målt frå kantane). Ho er orientert O-V og ligg oppå eit lite berg som går parallelt med strandkanten. Lengda O-V er 10 m. N-S er ho 4 m. Høgda er 0,2-0,4 m. Ho er noko uklårt markert, men tydeleg i terrenget. I S er ho noko utrasa. Steinane/blokkene er frå 0,1-0,7 m store og ligg nakne i dagen, bortsett frå nokre få stader der det veks litt lyng og brake.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 7 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 0 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Bergkunst· Askvoll
Unneset 3 (Fetts fk.nr. Nyreg.)
Bergkunst· Askvoll
Unneset 4 (Fetts fk.nr. 12/3)
Bergkunst· Askvoll
Unneset 5 (Fetts fk.nr. 9 og12/1-2)
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.