Skor - Fetts fk. 1/1-2, Kjeklebakken
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Haugen er kring 8 m i tverrmål. Han er heilt låg med unnatak av nordre delen som er kring 0,4 m høg. Haugen er dekt av grastorv, men ein kan kjenne einskilde steinar under grasdekket. I sentrum av haugen er eit søkk, orientert NV-SO. Søkket er 2 m langt, 1 m breitt og 0,4 m djupt. I søkket ligg eit stykke av ei steinhelle, 0,35 m langt, 0,45 m breitt og 0,04 m tjukt. Grunna søkket er haugen lett synleg i lendet. Haugen vantar markering med unnatak av i NV, NO og N. Om lag 16 m OSO gravhaugen ligg ei mogeleg hustuft, Fetts fk. 1/2. Tufta er 9 x 8 m i ytre mål, orientert NO-SV. Det innvendige rommet er orientert NV-SO og måler 4 x 3 m. Inngangen må ha vore i NV og/eller SO. Tufta er dekt av grastorv men ein kan kjenne steinar i vollane, som er kring 0,5 m høge. Tufta er klårt markert og bra synleg i lendet.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 2 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 5 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.