Reistad - Helleristning
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Ristningsberget skrår mot sjøen i V. Her er tre, kanskje fire, båtfigurar. Figurane er til dels vanskelege å få auga på. Fig. I: Denne ligg lengst N på berget og er relativt godt synleg. Båten er om lag 0,65 m lang og kring 0,25 m høg i stamnane og han er rissa slik at stamnane står loddrett på linene som markerer kjøl og reling og bind saman desse. Dei såkalla mannskapsstrekane er tydelege. Fig. II er ein båt av same type som fig. I og er den tydelegaste av figurane på berget. Båten står like over fig. I, slik at nordre stamnen tek til over søre stamnen på fig. I. Fig II strekkjer seg om lag 0,75 m mot SSO og er kring 0,3 m høg i stamnane. Fig. III ligg om lag 0,35 m SSO for Fig. II. Båten er uklårt markert og det er uråd å trekkja opp heile figuren. Mannskapsstrekane er lettast å sjå. Ei sprekke nedetter berget går like N for båten.Fig. IV inneheld berre nokre korte og uklåre vannrette liner nedanfor Fig. III.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 1 enkeltminne
- Stedfesting
- ± 10 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.