Setre - Fetts fk. 3/1-4
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Røysa fk. 3/1 er kring 14 m i tverrmål og kring 1,75 m høg. Ho er bygd av steinar/blokker frå kring 0,2 - 1,2 m i storleik. Røysa er torv og lyngkledd kring kantane. Ho er mykje utkasta, særleg i søre delen. Her ligg steinane i dagen. I nordre delen er eit søkk, orientert N-S, kring 2 m langt, 1,60 m breitt og 0,9 m djupt. I midten av røysa veks nokre små tre og brakebusker. Ho er godt markert og bra synleg i terrenget. Røysa fk. 3/2 ligg kring 3,5 m S for fk. 3/1. Ho er kring 14 m i tverrmål og kring 0,75 m høg. Røysa er nesten heilt tilgrodd av torv, lyng, brake og nokre mindre rognetre. Her og der stikk steinar/blokker i dagen, frå kring 0,2 - 1,0 i storleik. Røysa er mykje utkasta. På sørsida av røysa ligg ei stor helle, kring 1,30 m lang, 0,85 m brei og 0,2 m tjukk. Røysa er relativt godt markert, men syner ikkje særskilt godt i terrenget. Langhaugen fk. 3/3 ligg kring 12 m N for fk. 3/1. Langhaugen er orientert N-S og er kring 10 x 5 m vid og kring 0,5 m høg. Haugen er grasgrodd, men det stikk nokre steinar/blokker i dagen, kring 0,2 - 0,5 m i storleik. Haugen er klårt markert, men syner ikkje særskilt godt i terrenget. Gardfaret fk. 3/4 er orientert O-V og strekkjer seg mellom to knausar. Faret passerar fk. 3/3 kring 1,5 m N for nordre kant av denne. Faret er kring 17 m langt og er lagt opp av blokker frå 0,6 - 1,1 m i storleik. Blokkene ligg no svært uryddig, markeringa av faret er difor noko uklår, men blokkene syner godt i terrenget. 2024: Ny gravrøys (55208-5) oppdaga ved synfaring i 2024. Gardfaret går rett over røysa.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 5 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 5 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Gravfelt· Alver
Brotshaug - Fetts fk. 1/1-2
Gravfelt· Alver
Setre - Fetts fk. 2/1-2
Kirkested· Askøy
Herdla kirkested
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.