Sæbø - Fetts fk. 3/1-3 og 7, Flotene
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Røysa fk. 3/1 er 10-11 m i tverrmål og 1/2 m høg. Ho har ein tydeleg fotkjede bortsett frå i NV. Blokkene som utgjer fotkjeden er heilt overgrodde med mose bortsett frå i SV, der blokkene er opptil 1,3 m store. Sentrum av røysa er noko avskava og der er eit grunt søkk. Ved søkket ligg der to kring 1 m store blokker. Røysa er elles heilt overvaksen med gras og mosetorv, ris, einer og lauvtre. Røysa fk. 3/2 ligg 2 m O for fk. 3/1. Ho er 10-11 m i tverrmål, opptil 1 m høg, og er bygd av 0,2 - 1,0 m store steinar/blokker som er sterkt tilgrodd med mose. I sentrum av røysa er der eit rundt søkk, omlag 3 m vidt og opptil 1 m djupt. Det veks lauvtre, einer og kratt på røysa. Røysa fk. 3/3 ligg 1 m NO for fk. 3/2. Ho ser ut til å vera kring 5 m i tverrmål, er særs låg og heilt overgrodd av mose, ris einer og lauvtrekratt. I SV del av røysa ligg ei kring 1 x 1 m stor helle, som er opptil 0,2 m tjukk. Røysa må seiast å vera noko tvilsam. Røysa fk. 3/7 ligg 18 m OSO for fk. 3/3. Tverrmålet ser ut til å vera kring 14 m, men det er noko vanskeleg å avgjera. Høgda på røysa er opptil 1 m frå S. Ho er sterkt tilgrodd av gras og mosetorv, men ein del 0,2 - 0,8 m store steinar/blokker stikk i dagen. Sentrum av røysa er avskava. På røysa veks det einer og lauvtrekratt.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 4 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 0 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Gravfelt· Kvinnherad
Øvrabø - Fetts fk. 1/3-13
Gravfelt· Kvinnherad
Bjøllebø - Fetts fk. 1/1-2, Hestaklubben
Gravfelt· Kvinnherad
Aksdal - Fetts fk. 1, Svinehagen
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.