Storie
Gravfelt

Bjøllebø - Fetts fk. 1/1-2, Hestaklubben

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Røysa fk. 1/1 ligg lengst mot O. Ho er 9 m i tverrmål og knapt 1 m høg. Røysa er klårt markert. Med unnatak av i S der berget stikk fram, er ytterkanten tilvaksen med mose og lyng. Røysa er bygd av nakne 10-40 cm store steinar/blokker. Ein del av desse er mosegrodde. I toppen av røysa er eit 2 m vidt og knapt 1 m djupt søkk. Røysa fk. 1/2 ligg 5 m V for nr. 1. Røysa er kring 12 x 2 m, orientert VNV-OSO, og over det heile lågare enn 0,5 m. Røysa ligg på berg som stikk fram langs heile den søre kanten. Mot N er ho sterkt tilvaksen av mose, torv og lyng. I den austlege halvdelen er det eit 1,5 m vidt innbrot. Røysa er i det heile noko uryddig og ytterkanten er stadvis dårleg markert. Langs søre langsida ligg steinane/blokkene tildels nakne i dagen og desse er 15-40 cm store.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
2 enkeltminner
Stedfesting
± 10 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.