Osmarka kapell
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Osmarka indremisjonsforeining vart skipa i 1904. Den viktigaste oppgåva for foreininga dei første åra, var å få reist sitt eige hus. Det var bygdefolket som sjølv sørga for finansieringa, og som bidrog med materialar og med arbeidsinnsats. Bedehuset vart innvia 18. juli 1909. Ønske om å kunne nytte bedehuset til kyrkjelege handlingar, oppstod tidleg. Og i 1916 fekk misjonsforeininga lov til å opparbeide ein gravstad ved bedehuset. Gravferdene vart avvikla utan prest til stades. Soknepresten vart pålagt å møte opp her to gongar i året, for å sørge for jordfesting av dei døde. I 1939 gav Kyrkjedepartementet løyve til at det kunne haldast fire gudstenester i året ved Osmarka bedehus. Talet kom seinare opp i seks. I 1942 kom altarutstyret på plass, med altarring, altarbord og døypefont. Året etter kom altarbiletet til. Dermed kan vi seie at bedehuset sin nye status som kapell kom i stand utan eit formelt vedtak. På 60-talet vart det utført eit omfattande oppussingsarbeid på Osmarka bedehus. Samstundes vart gravstaden utvida. Arbeidet med å halde gravstaden ved like, vart stadig tyngre for dei friviljuge i foreininga, så i 1978 tok Gjemnes kommune over drifta. Mellom 2002 og 2005 vart huset restaurert utvendig, og fasaden vart tilbakeført til slik han var i 1909.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Regulert
- Enkeltminner
- 1 enkeltminne
- Stedfesting
- ± 5 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.