Nyregistrering Kvaolahaugen
Fra Riksantikvarens beskrivelse
1. Skålgropstein ligg 10-15 m NO for brattkanten ned mot Veim. Steinen er ei fyllittblokk, 4,3 m lang og 2,6 m brei, mest flat på toppen, men noko ujamn. Høgdi er vel 1 m. På toppen av blokka, innanfor eit felt på ca. 3 x 2 m, finst minst 38 skålgroper, alle runde. Dei fleste er 4-5 cm i tverrmål og 1-2 cm djupe. Nokre få er større, opptil 8 cm i tverrmål og kring 4 cm djupe. Ingen av gropene står på skrånande flate. Dei er spreidde utover utan noko synleg mønster, men det er få på O-sida av blokki. Midten av steinflata er sterkt vitra, men der er likevel groper. Skålgropsteinen ligg på rydda mark. Inntil steinen er på alle kantar lagt opp ein steinblanda jordvoll som ein krans rundt. Dei fleste stader når jordvollen frå snaut 1 m til 1,5 m utanom steinen. Vollen er snaut halvmeteren høg og er tydeleg lagt opp av folk. Skålgropsteinen med jordvollen ligg på høgste punktet på Kvaolahaugen. 2. Skålgropstein ligg 12,5 m VNV for 1. Steinen er ei fyllittblokk, 4 x 3,2 m og når frå 0,2 til vel 1 m over lendet ikring. Den SO-legaste halvdelen er på det næraste flat, men noko ujamn. Den NV-legaste skrånar eindel nedover.På steinen er minst 13 skålgroper, alle runde. Ei grop på 10 cm tverrmål og 4 cm djupn står nær midtpunktet av steinen. Tett ved denne er ei mindre grop. Dei 11 andre er av jamn storleik, 4-5 cm i tverrmål og 1-2 cm djupe. Dei er alle samla i ei rekkje nær utkanten av steinen i ein halvboge frå S til O og N. Ingen av desse gropene ligg meir enn 0,5 m frå kanten av steinen. Nokre av dei ligg parvis. På den brattare NV-sida av steinen finst ikkje groper. 3. Skålgropstein ligg 0,5 m V for 2. Steinen, som er ei fyllittblokk, måler 8,5 x 6,5 m og er 3 m høg med bratte sidekantar. Den O-lege halvdelen på toppen er for det meste flat, men noko ujamn, medan den V-lege skrånar brattare nedover. Steinen ligg heilt ute på bakkekanten der lendet skrånar bratt ned mot elvegjelet i V. På den O-lege halvdelen av steinen finst minst 47 skålgroper, alle runde, og ingen står skrånande på flata. Dei er av jamn storleik, dei fleste 4-5 cm i tverrmål og 1-2 cm djupe. Gropene er jamnt spreidde og formar ikkje noko synleg mønster. Under N-kanten av steinen er ein liten heller med jamnt skrånande tak. Den naturlege golvflata er ca. 2 x 4 m og er i SØ avgrensa av brattkanten på skålgropstein 2. Under SV-kanten av steinen er der eit markert utoverheng som formar ei hole på ca. 1,5 x 1,5 m. Høyden er kring 0,9 m, men ytst berre 0,6. I inste enden av hola, oppe i steinveggen, er det eit rektangulært hol på 33 x 17 cm. Gjennom holet ser ein vidare innover under skålgropsteinen, der det i botnen ligg finsmuldra vitringsjord. Holet verkar tillaga av menneske. Det er og mogleg at ein del av hola er hoggen ut av mannehand. 4. Steingard ligg kring toppen av Kvaolahaugen og bind saman skålgropstein 2 og 3 og ringar inne 1. Garden er lagt av stein med svært ujamn storleik og har meir karakter av steinrekkje enn av mur, då han mest ingen stader er lagd i 2 steins høgd. I SV verkar steingarden meir ihopdyngja enn andre stader. Dei fleste steinane i rekkja er på meir enn eit par mannslyft, mange er over ein meter i storleik. I rekkja inngår ein del blokker som har lege naturleg på staden. SKålgropsteinene 2 og 3 inngår i rekkja i VNV. Steingarden er ca. 110 m i omkrins og formar eit rektangulært til ovalt felt med største lengd ca. 40 m VSV-ONO og største breidd ca. 22 m. Marki innanfor steinkrinsen er slettare og meir rudd for stein enn utanfor.Dei 98 skålgropene som er funne på dei tre steinane står alle slik på berget at dei vil halde på ifyllt væske.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 4 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 5 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Gravfelt· Aurland
Fetts fk.nr. 1/1-2 Bjørkehaugen
Gravfelt· Aurland
Fetts fk.nr. 2/1 og 2/4
Gravfelt· Aurland
Fetts fk.nr. 1/2-3
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.