Storie
Gravfelt

Nyreg.

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Samlinga inneheld tre gravrøyser og måler kring 45 x 5-9 m, orientert VNV-OSO.Røys 1 ligg lengst VNV og er kring 9 m i tverrmål og 0,75 m høg. 0,1-0,5 m store steinar/blokker ligg i dagen, særleg midt i røysa. Røysa er elles sterkt tilgrodd med mose og lyng. I sentrum av røysa er eit 3,5 m vidt og 0,5 m djupt søkk. Røysa er svært dårleg markert og lite synleg i lendet. 6 m NO for røysa ligg ei firkanta blokk som er 1,35 m lang og har 0,2-0,3 m breie sider, orientert VSV-ONO (bauta?). Mellom røysa og blokka kan ein mest heile vegen kjenna steinar under mosen/lyngen, ein del stikk så vidt i dagen. Dette kan vera utkast frå røysa, men her kan også vera ei anna, mindre røys.Røys 2 ligg 4 m OSO for røys 1. Ho måler 4-5 m i tverrmål og kan vera opptil 0,5 m høg. Ho er heilt overgrodd med mose og lyng, men nokre blokker stikk i dagen, særleg i NV. Røysa er svært uklårt markert og lite synleg i lendet.Røys 3 ligg 23 m OSO for røys 2. Ho er 5-6 m i tverrmål, opptil 0,5 m høg og heilt tilgrodd med mose og lyng. Nokre 0,5-0,7 m store blokker stikk i dagen. I NO er røysa noko utkasta. Ho er svært uklårt markert og lite synleg i lendet.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
3 enkeltminner
Stedfesting
± 5 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.