Storie
Gravfelt

Fetts fk.nr. 1/1-6 Åsneset

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Feltet inneheld seks røyser og har ein største utstrekning på kring 100 x 40 m, orientert NO-SV.Røysa fk.nr. 1/5, som ligg lengst mot SV, er 4 m i tverrmål og 0,2-0,3 m høg. Ho er lyngvaksen, men ein del 0,3-0,4 m store blokker ligg i dagen. I søraustre kant stikk det fram ei helle.Røysa fk.nr. 1/6 ligg 22 m OSO for fk.nr. 1/5. Ho er 4 m i tverrmål og 0,3-0,4 m høg. Røysa er heilt overgrodd med lyng, men ein del 0,2-0,4 m store steinar/blokker stikk i dagen, særleg i søraustre kant.Røysa fk.nr. 1/4 ligg 12 m NNV for fk.nr. 1/6. Ho er 4-5 m i tverrmål og kring 0,5 m høg. Røysa er heilt overgrodd med mose og lyng, men nokre blokker stikk så vidt i dagen. I søraustre kant av røysa stikk det fram ei helle. På berget SO for røysa ligg tre 0,5-1 m store blokker.Røysa fk.nr. 1/1 ligg 31 m NNO for fk.nr. 1/4. Ho er 8-9 m i tverrmål og 0,5-0,75 m høg. Røysa er bygd av 0,2-0,8 m store steinar/blokker og delvis tilvaksen med mose og lyng. Røysa er noko omrota og i den søraustre delen er eit 1,5 m vidt og 0,2-0,3 m djupt søkk. I botnen av søkket ligg det små skifrige steinar. SO for søkket ligg ei 1,8 x 1,2 m stor helle, orientert NO-SV.Røysa fk.nr. 1/3 ligg 26 m SO for fk.nr. 1/1. Ho er 4 m i tverrmål og 0,2-0,8 m høg. Ho er tilvaksen med gras og nokre einebusker. Nokre små steinar stikk så vidt i dagen.Røysa fk.nr. 1/2 ligg 61 m NNV for fk.nr. 1/3. Ho måler 5 x 3,5 m, orientert N-S, og er 0,2-0,3 m høg. Røysa er tilvaksen med lyng, men enkelte steinar stikk i dagen, særleg langs kantane. I NNO-re kant av røysa ligg ei 1,5 x 0,35 m stor blokk (bauta?), orientert VNV-OSO.Alle røysene er uklårt markerte og lite synlege i lendet.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
6 enkeltminner
Stedfesting
± 0 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.