Nesbø - Fetts fk. 4/1-4, Vindsåsen
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Den nordvestlegaste av dei tre røysene (Fetts fk. 4/1) ligg kring 15 m V for steingarden mot gnr. 59 og heilt i framkant der flata skrånar nedover i NV. Det er berre rester av denne røysa som ligg her i dag. Røysa kan ha vore 8 - 12 m i tverrmål, høgda er heilt uviss. Ho er i dag lyng- og grasvaksen, og blokker/steinar av 0,2 - 0,6 m storleik stikk i dagen. I søraustre del av røysa ligg ein steinring, 3 m i tverrmål. Få meter SO for fk. 4/1 ligg ei langrøys (fk. 4/2). Ho måler 16 x 5 m, orientert NV-SO, og er tilvaksen med lyng, gras og mose. Røysa viser seg ikkje som ei forhøging i terrenget, men snarare som eit firkanta søkk. I sentrum ligg 3 store steinblokker, den største omlag 1 m lang. Kring 5 m SV for fk. 4/2 ligg resten av ei anna langrøys (fk. 4/3). Ho måler 6 x 4 m, orientert NV-SO, er heilt låg, og er tilvaksen men lyng og mose. Steinar/blokker av 0,2 - 0,4 m storleik stikk i dagen fleire stader. NB! På austsida av steingarden, på gnr. 59, br.nr. 3, omlag 40 m O for fk. 4/2 har det vore ei røys, fk. 4/4, som det no berre er fotmerke att av. Røysa har vore kring 10 m i tverrmål. I sentrum ligg ei godt 1 m lang steinblokk.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 4 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 10 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Bergkunst· Fitjar
Vespestad - Vestbostad 1
Kirkested· Fitjar
Fitjar kyrkjestad
Gravfelt· Fitjar
Vespestad - Fetts fk. 4/7-9, Busteleitet
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.