Storie
Gravfelt

Kalvestad

Fra Riksantikvarens beskrivelse

RAPPORT 1997: Her R11-R20. Det er merka av 65 andre røyser i området. Her ligg nok rydningsrøyser frå bode eldre og yngre jarnalder, middelalder og frå dei nyare tids anlegga. Fleire av desse er nok gravrøyser, men det vil vere umogleg å skilje mellom grav og rydning utan utgravning. Det blir også fortalt om Flesje Ole, ei bonde på 1700-1800-talet skal ha plyndra fleire røyser i området. Slik plyndring vil kunne endre utsjånaden til ei gravrøys, slik at det vanskeleg kan registrerast idag. SKREVET 1980:Fornminneområdet har ei total utstrekning på 550 m, orientert O-V, og ei breidd på 60-160 m. Vestlegast i området, 10 m V for den vestlegaste steingarden og 50 m frå sjøen, ligg tufta fk.nr. 4. Tufta er 14 m lang, orientert O-V og 5 m brei innvendes. Murane er svært regelrette på innsida. Oppå og utvendes er dei lyng- og graskledde. Inni er tufta no heilt tilvaksen med sprake.V, N og O for tufta ligg ei mengd med røyser. Ein god del er visseleg rydningsrøyser, men her er og fleire gravrøyser. Noko viss grensegang mellom dei to typane er likevel uråd å trekkja opp. Fett har nærpå 50 gravrøyser innan dette området under fk.nr. 3.Dei fleste er heller små rundrøyser, 3-5 m i tverrmål og opp mot 0,5 m høge, men her er også langrøyser som er monaleg større. I midtre innhegningen, ovanfor steingarden som går langs stranda, ligg ei røys i V, fk.nr. 3/45, som er 12x3 m, orientert O-V. Om mogeleg kan denne røysa tolkast som nordre langvegg i ei tuft, der også austre stuttveggen er heller klår, medan den søre langveggen er meir ufullstendig. Tufta vert i så fall kring 3 m brei innvendes. 30 m lenger mot O ligg ei langrøys, fk.nr. 3/47, som er 20x3 m, orientert ONO-VSV.Kring den austlegaste innhengningen ligg fire røyser som Fett har gjeve fk.nr. 2. Røysa fk.nr. 2/1 ligg rett nedanfor (N for) den nordre steingarden i innhegningen om lag midt på. Ho er 8 m i tverrmål og 1 m høg, noko utkasta mot N og har eit 1,5 m vidt og 1 m djupt søkk i toppen. 25 m VSV for denne under hjørnet på steingarden ligg røysa 2/2. Ho er 10 m i tverrmål og 1 m høg, noko avflata på den delen som ligg utanfor steingarden. 75 m opp frå stranda og 10 m O for den austra steingarden i innhegningen ligg røysa 2/3. Ho er 6 m i tverrmål og 0,5 m høg med søkk i toppen og noko utkasta mot N. Like langt frå stranda, men på den andre sida av innhegningen, 12 m V for den vestre steingarden ligg røysa 2/4. Ho er 8 m i tverrmål og knapt 1 m høg. 150 m O for den austre innhegningen går eit eldre innmarksgjerde frå sjøen mot SSV i ei lengd av 175 m.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
62 enkeltminner
Stedfesting
± 10 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.