Flesje I
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Tufta, fk.nr. 1, ligg kring 50 m inn frå (S for) terrassekanten, knapt 100 m V for bekken som renn over myra. Tufta er rund på skap, 4 m i tverrmål innvendes. Murane er bygde av etter måten store steinar som i dag er omgjevne av lyng og sprake. Inni tufta veks det noko gras og lyng.Like V for tufta ligg røysa fk.nr. 2/1. Ho er 4 m i tverrmål og 0,5 m høg og er bygd inntil ei jordfast blokk. Denne blokka var langvegg i to mannslange kister, den eine orientert O-V, den andre N-S.Røysa, fk.nr. 2/2, ligg kring 50 m SSV for tufta, noko høgare oppe i lynggrodd stein- og blokkmark.Røysa er 6 m i tverrmål og 0,5 m høg og ho er bygd kring ei jordfast blokk som er langvegg i ei mannslang kiste, orientert VNV-OSO. Kista som elles har vegger mura av grove steinar, ligg i dagen i eit trongt søkk i røysa.Det er mogeleg fleire gravrøyser i området, men steinar og blokker saman med sterk tilgroing gjer det vanskeleg å skilja desse ut for visst. Johs. Bøe nemner såleis to røyser til på terrassekanten.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 3 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 10 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.