Hystad - Fetts fk. 4/2-6
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Feltet som inneheld fire gravrøyser og ein steinring, har ei største utstrekning på om lag 45 x 45 m. Røysa fk. 4/2, som ligg lengst SV, måler kring 13 x 10 m, orientert O-V, og er 1 m høg. Ho er bygd av 0,2 - 0,8 m store steinar/blokker, og er noko tilvaksen med lyng, eine og eiketre, særleg i N. Røysa er ein del omrota og utkasta i S. Markeringa er uklår og røysa er lite synleg i lendet. Røysa fk. 4/3 ligg 11 m NNO for fk. 4/2. Ho er 13 m i tverrmål, opptil 1,5 m høg og bygd av 0,2 - 0,5 m store, nakne steinar/blokker. Røysa er noko tilvaksen med bregne, lyng og eine, særleg langs kantane, noko som gjer markering uklår. I nordaustlege kant av røysa veks eit stort bjørketre, og i sørlege del to furutre. Røysa er utkasta ved kanten i sørlege del, slik at der er eit kring 3 x 4 m vidt og 1 m djupt søkk orientert VNV-OSO. Røysa fk. 4/4 ligg 23 m O for fk. 4/3. Ho er 13 m i tverrmål, opptil 1,5 m høg og bygd av 0,2 - 0,9 m store, nakne steinar/blokker. Røysa er tilvaksen med ein del eine, særleg langs vestlege kant, og det veks elles nokre rogne- og furutre på røysa. Røysa er sterkt omrota og utkasta, slik at det ligg mykje stein nedover berget i O og SO. I vestlege del av røysa er eit kring 2 m vidt og 1 m djupt søkk, medan det i austlege del er eit omlag 3 m vidt og 1 m djupt søkk. Røysa fk. 4/5 ligg 25 m SSV for fk. 4/4. Ho er 45 m i tverrmål og kan vera 0,2 - 0,3 m høg. Røysa er sterkt tilgrodd med lyng og eine og markering er difor særs uklår. I nordlege kant veks ei furu. Ved kanten i SO stikk nokre steinar/blokker i dagen. I midten av røysa er eit kring 1 x 0,5 m vidt og 0,3 m djupt søkk, orientert N-S. Steinringen fk. 4/6 ligg 13 m N for fk. 4/3. Han er heilt overgrodd med lyng, eine og furutre slik at det idag er umogeleg å få noko klårt inntrykk av korleis han ser ut. I fylgje Per Fett ligg her ni kring 0,5 m store blokker i ring, med eit ytre tverrmål på 2,5 m. Innanfor ligg 5 andre steinar i ring, medan det i midten er ei 0,3 - 0,5 m stor opning.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 5 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 5 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Gravfelt· Stord
Hystad - Fetts fk. 9/2-3, Valøyodden
Kirkested· Stord
Stord kyrkjestad
Gravfelt· Stord
Haga - Fetts fk. 3/1-5 og 7, Hagastølen
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.