Haga - Fetts fk. 3/1-5 og 7, Hagastølen
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Gravfeltet, som inneheld 6 haugar, har form som ein trekant med sider på kring 50, 55 og 70 m. Haugen fk. 3/1 som ligg lengst NO, er kring 7 m i tverrmål. Høgda kan vera kring 0,5 m, men dette er vanskeleg å avgjera avdi haugen ligg på toppen av ein bergkul og har ei uklår markering. Haugen er grasvaksen og i søraustlege del veks ei einebuske. I sentrum og i søraustlege del har haugen sår, og han er noko utkasta i N. Ved sørlege kant av haugen stikk berget fram i dagen. Haugen fk. 3/2 ligg på toppen av ein bergknaus 22 m SSO for fk. 3/1. Han er 7-8 m i tverrmål, og kan vera kring 1 m høg, men markeringa er uklår. Haugen er grasvaksen og berre i sørvestre del stikk nokre steinar/blokker i dagen. Toppen av haugen er avflata, og han har eit lite sår i N. Haugen fk. 3/3 ligg 4 m VSV for fk. 3/2. Han er 6 m i tverrmål og opptil 0,5 m høg. Haugen er grasvaksen, og har ei noko uklår markering. I sentrum av haugen er eit kring 2 m vidt og 0,25 m djupt søkk. Haugen har og eit sår i vestre kant. Haugen fk. 3/4 ligg kring 9 m VSV for fk. 3/3. Han er 6 m i tverrmål, 0,5 m høg og grasvaksen. Markeringa er heller uklår. I sentrum av haugen er eit kring 1,75 x 1 m vidt og opptil 0,25 m djupt søkk, orientert NV-SO. Haugen fk. 3/5 som ligg omlag 4 m VNV for haugen fk. 3/4, er 6 m i tverrmål og 0,5 m høg. Han er grasvaksen og har eit kring 1,5 m vidt, grunt søkk i midten. 14 m S for haugen fk. 3/2 og inntil vegen kring grøntarealet ligg ein gravhaug, som er omlag 6 m i tverrmål og 0,75 m høg. Han er grasvaksen og i sørlege og vestlege del veks det eine. I sentrum er eit ujamt søkk, som er kring 1 m vidt og opptil 0,3 m djupt. Denne haugen er truleg identisk med Fetts fk. 3/7.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 6 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 10 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Gravfelt· Stord
Hystad - Fetts fk. 4/2-6
Kirkested· Stord
Stord kyrkjestad
Gravfelt· Stord
Hystad - Fetts fk. 9/2-3, Valøyodden
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.