Storie
Bergkunst

Hallanger - Månesteinen

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Stor flat steinblokk, ca. 5 x 3 meter og opp mot 1 meter høg. Flat overflate hallande mot SA. Ein mindre "avsats" i NA hjørnet av steinen. Meir enn 30 skålgroper. Steinen er heilt spesiell i høve til andre blokker i nærleiken. Nesten svart av farge, porøs, skifrig og består av samanpressa mindre fyllittskjell. Ut frå sin spesielle utsjånad har den også fått sitt lokale namn "Månesteinen". Ligg i SA enden av ei stor steinur under fjellet Disk, men er truleg ikkje rasmasse derfrå. Steinen er porøs, mykje vitra og mange skålgroper kan difor berre så vidt skimtast, medan andre er langt tydelegare. I SSV del av steinen er årstalet 1914 hogge inn. Det ligg ei mindre helle over dette. Storparten av gropene er på midten og i NA del, fleire på kanten på før nemnde avsats i NA del av steinen. Største groper 8-10 cm. i øvre tverrmål, 2-4 cm. djupn. Mange mellomstore, 6-8 cm i tverrmål og dei minste kan ein som nemnt berre skimte. Steinblokka ligg like ved stølsvegen til Hallanger sin sommarstøl Dalsete. 6 meter SA for steinen ligg ei litt mindre, flat steinblokk med 2-3 groper. Stølsvegen går mellom desse to blokkene, men ein kan også gå like sør for desse to. Knappe 2 meter NV for Månesteinen ligg ei lita flat blokk med ei, muligens to skålgroper.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
1 enkeltminne
Stedfesting
± 5 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.