Hallanger - Grytesteinen
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Stor steinblokk med skålgroper rett aust for stølsvegen frå Hallanger til sommarstølen Dalsete. I luftline ca. 170 meter NV for vår- og hauststølen Skarvet, 555 meter over havet. Ca. 20 meter aust for steinen renn ein bekk. Steinblokka er forholdsvis firkanta i form, med noko konveks overflate. Ca. 9 meter VNV-ASA x 7 meter NNA-SSV. 2,5-3 meter høg, men går inn i terrenget mot stølsvegen i VNV. Lett tilkomst til steinen frå stølsvegen. Skålgropene byrjar frå NV hjørne og strekk seg nesten over heile NA halvdel av steinen si overflate. Ingen skålgroper i SV halvdel så vidt ein kunne sjå. Meir enn 35 større og mindre groper, dei største er mellom 10-15 cm øvre tverrsnitt og opptil 4-6 cm djupe. Ei rekkje "mellomstore" 6-8 cm i øvre tverrmål og 3-4 cm djupe, samt ein del små 3-5 cm i øvre tverrmål, ca. 1-2 cm djupe. Fleire som og er nesten utydlege. Steinblokka er av fyllitt og såleis har den og vitra ein del. I SA del av det området med groper er det også to 18-20 cm lange og 6-7 cm breide "fotavtrykk", med ei djupn på 3-4 cm. Desse er parallelle med ca 4-5 cm avstand, og der den eine er 10 cm føre den andre. Om dette er natur eller kultur må vurderast av bergkunstekspertar. Lokalt er denne steinblokka kjend som Grytesteinen, så kunnskapen om skålgropene har ein nok hatt gjennom lang tid. Den ASA del av steinblokka utgjer ein ganske fin hellar i 6-7 meters lengd og dråpefall på vel 2 meter. Ein god del stein under hellaren. Vanskeleg å komme ned med jordbor og der det var mogleg vart det ikkje påvist trekol.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 1 enkeltminne
- Stedfesting
- ± 5 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Bergkunst· Ulvik
Hallanger - Skålgropstein 3
Bergkunst· Ulvik
Hallanger - Månesteinen
Bergkunst· Ulvik
Hallanger - Skålgropstein 4
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.