Fetts fk.nr. 9 Holda (Skogagjerdet)
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Feltet er orientert NV - SO, og har ei utstrekning på 160 m NV - SO og 75 m NO - SV. Den sørlegaste delen av feltet som ligg på bnr. 10, tek til 110 m sør for Ungdomshuset.Her ligg 14 røyser i eit lyng- og grasvakse utmarksområde med spreidde einer og buskfurer. Røysene her er frå 2 - 4,5 m i tverrmål, og opp til 0,5 m høge. Dei er alle tilvaksen med lyng og einer.Storparten av røysene som låg på bnr. 11 er no bortdyrka, slik at her ligg det berre att 6 røyser lengst opp mot fjellvegen. Den største av desse er 5 m i tverrmål og om lag 1 m høg. Røysene er sterkt tilvaksne med lyng, einer og tildels bringebærkjerr.Røysene innan bnr. 8 ligg alle i eit lyng- og einevakse utmarksområde. Her ligg det i alt 15 røyser. Den største av desse er 8 x 6 m og knapt 1 m høg, medan resten av røysene er mellom 2,5 x 3,5 m i tverrmål med eit lyngvakse tjukt torv- og moselag.Den nordlegaste delen av feltet, som ligg på bnr. 29, ligg i grasvaksen beitemark. Her er 9 røyser og alle er dekte av grastorv der det stikk ein del steinar/blokker i dagen. Røysene er 2 - 3 m i tverrmål og opp mot 0,5 m høge. Den nordaustlegaste røysa i feltet ligg 50 m V - NV for Ungdomshuset. Feltet har tidlegare gått monaleg lenger mot nordvest, men alle røysene innan dette området er no borte etter at her er bygd fotballbane.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 21 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 10 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.