Storie
Gravfelt

Fetts fk.nr. 7 Urdane

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Den vestlege delen av feltet som ligg innan bnr. 1, ligg i ei svært blokkrik, kupert og grasvaksen beitemark. Det er i dag 13 røyser. Dei to vestlegaste og dei tre sørlegaste røysene som Fett registrerte, er no borte (Fetts nr. 1, 2, 11, 12 og 22). Den sørvestlegaste av røysene ligg 6,5 m aust for det søraustlegaste hjørnet på ein fabrikkbygning. Denne røysa er om lag 6,5 m i tverrmål og godt 1 m høg. Røysa som er heilt tilvaksen med grastorv, er bygd kring 2 jordfaste blokker som stikk opp over toppen av røysa.Dei andre røysene er mellom 3 og 5 m i tverrmål og opp mot 0,5 m høge. Dei er alle dekte av grastorv og fleire av dei er bygde kring større steinblokker.Lengst NO i feltet, tett i steingarden mot bnr. 17, ligg ei anna stor røys som er 8 x 5 m vid og knapt 1 m høg. I toppen på ho ligg to større steinblokker og langs kantane stikk fleire blokker fram. Den midterste delen av feltet ligg innan bnr. 17 i blokkrik, kupert, grasvaksen beitemark. I nord opp imot ura er feltet eine- og trevakse. Her ligg i dag 42 røyser og 2 tufter.Den største av røysene ligg i det nordvestlege hjørnet av denne feltdelen, mot bnr. 1. Ho er om lag 10,5 x 8 m vid og godt 1 m høg. Røysa er gras- og einevaksen, og i den austlege delen stikk det ei stor steinblokk i dagen.Dei andre røysene innan bnr. 17 er mellom 2 og 7 m i tverrmål og opp mot 1 m høge. Dei er alle tilvaksen med grastorv og dei nordlegaste er òg dekte med einer. Fleire av dei er bygde kring større steinblokker.I den austlege delen innan bruket, opp mot og delvis i ura, ligg dei to tuftene. Den vestlegaste av dei ligg i sjølve ura. Opninga vender mot SV og den er 6,5 x 9,5 m vid i ytre mål. I den austlege delen oppå veggvollen ligg ei stor steinblokk. Veggvollane er einevaksen, medan den innanfor veggvollane er tilvaksen med grastorv.Den andre tufta ligg om lag 7 m vest for gjerdet mot bnr. 3, heilt i N opp mot ura. Ho har opninga mot O, og i ytre mål er ho 8 x 8 m vid. Veggvollane er opp mot 0,75 m høge og tufta er kraftig overgrodd med einer. Den austlegaste delen av feltet ligg innan bnr. 3 i grasvaksen beitemark. Her ligg i dag 51 røyser og 1 tuft. Dei fire sørlegaste røysene som Fett registrerte er no borte (Fetts nr. 59, 60, 69 og 70).Ei av røysene (Fetts nr. 95) kan tolkast som vestre veggvoll i ei tuft, dersom ein tek omsyn til ei voll-liknande steinsett forhøging i terrenget 2,5 m aust for røysa. Røysa ligg 25 m aust-søraust for det nordvestlegaste hjørnet mot bnr. 17, og ho er dråpeforma. I nord vert røysa og den austre vollen bundne saman av ein låg grasvaksen steinkant, mogleg er dette nordre veggvoll. "Tufta" vil då i indre mål vere om lag 6 m N - S med opning mot S.Dei andre røysene er mellom 2 og 7 m i tverrmål og mellom 0,3 og 1 m høge. Dei er alle grasvaksne, og i dei fleste stikk det 10 - 40 cm store steinar/blokker i dagen. Nokre av røysene er bygde kring store steinblokker. 12 m SO for det nordvestlegaste hjørnet mot bnr. 17 ligg ei tuft (Fetts nr. 79). Ho er 15 x 3 m vid i innvendige mål og har opning i den vestlege langsida. I ytre mål er ho 20 x 9 m vid. Ho er heilt grasvaksen og har 10 - 50 cm store steinar/blokker som stikk i dagen.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
57 enkeltminner
Stedfesting
± 10 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.