Storie
Gravfelt

Fetts fk. nr. 7/1-3

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Røysa fk. nr. 7/1 er 24 m i tverrmål og opp mot 2 m høg. Røysa er mykje skada, men i den nordlege halvdelen står det att ein skalk av den opphavlege røysa, rett nok med ein del sår. Her kan ein også sjå ei kiste, 2 m lang, 0,5 m brei og 0,4 m djup, orientert N-S. Frå nordlegaste kant av røysa til sørlegaste enden av kista er det kring 10 m. I den sørlege halvdelen av røys er det berre røysfoten som ligg att, men her er mykje stein i grunnen, slik at nivået er monaleg høgare enn marknivået ikring. Ytterkantane av røysa er til dels klart markerte. Det gror tjukk grastorv på røysa. I søvestre kant står eit stort rognetre.Røysa fk. nr. 7/2 ligg ytst på terrassekanten, kring 30 m S for sørvestre hjørnet av den gamle kyrkjegardsmuren og kring 30 m SO for fk. nr. 7/1. Berre ytterkantane av røysa og røysbotnen ligg i dag att. Best markert er røysresten i N og i OSO, der høgda går opp i 1,5 m. Røysresten er grasgrodd og det veks rognetre langs kanten om lag heile vegen rundt.Røysa fk. nr. 7/3, som er ei langrøys, ligg på bnr. 47, på strandflata, kring 45 m SSV for fk. nr. 7/2. Røysa er 29 m lang N-S, 8 m brei og opp mot 1,5 m høg. Midtpartiet er høgast og breiast, røysa blir både lågare og smalare utover mot endane, som er spisse. Røysa er dekka av grastorv, men det stikk stein i dagen. På vestsida og i nordlege enden er det kasta innpå ein del stein. I sør gror det busker og det veks eit rognetre på kvar ende av røysa. Rett S for røysa går ein steingard O-V.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
3 enkeltminner
Stedfesting
± 5 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.