Fetts fk. nr. 1/3-7
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Røysa fk. nr. 1/3 er 23 m i tverrmål og kring 3 m høg. Ho er bygd av steinar/blokker som er opp mot 0,7-0,8 m store. Ein del av steinane/blokkene er dekka av mose og tunn grastorv, flest av desse ligg i nordaustre del av røysa. Røysa er sterkt utkasta og omrota i midten der det er eit 5 m vidt og kring 1,5 m djupt krater.Røysa fk. nr. 1/4 ligg på ein bergknaus 8 m V for fk. nr. 1/3. Ho er mellom 7 og 8 m i tverrmål og opp mot 0,5 m høg. Røysa er omrota og dekka av grastorv, lyng og einer, men steinar stikk i dagen.Røysa fk. nr. 1/5 ligg 27 m S for fk. nr. 1/4. Ho er 20 m i tverrmål, 1,5 m høg og bygd av opp mot 0,9 m store steinar/blokker. Nordlege del av røysa er dekka av grastorv, medan resten av steinane/blokkene er delvis mosegrodde. I midten av røysa er det eit 1 m djupt og kring 4 m vidt søkk. Det veks rognetre, einer og bregner på røysa.Røysa fk. nr. 1/6 ligg kring 10 m S for fk. nr. 1/5. Ho er 10 m i tverrmål, heilt låg og dekka av grastorv, men ein del stein stikk i dagen. Det veks nokre rognetre og einer på røysa.Røysa fk. nr. 1/7 ligg 12-13 m O for fk. nr. 1/6. Ho er 9-10 m i tverrmål og heilt låg. Markeringa er noko uklår. Røysa er tilgrodd med grastorv, men ein del stein stikk i dagen. Det veks rognetre, einer og lyng på henne.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 5 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 10 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Kirkested· Ulstein
Ulstein gamle kykjestad
Gravfelt· Ulstein
Fetts fk. nr. 7/1-3
Kirkested· Ulstein
Ulstein kyrkjestad / Ulstein kyrkje 2
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.