Fetts fk.nr. 4 Vardflata
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Feltet er orientert NNV-SSO, 110 m langt og 30-40 m breitt. Mot O grensar feltet opp til innmark der det vart dyrka tidleg i vårt århundre.Ved Fett sine registreringar var flata grasvaksen og det kunne då skiljast ut 18 sikre gravrøyser/haugar. I dag er flata så tilvaksen at det er vanskeleg å avgjera eit heilt ut sikkert skilje i alle høve mellom det som kan vera naturlege forhøgingar og oppbygde røyser/haugar. Dette gjeld særleg i den vestlegaste delen av feltet.Den største røysa ligg lengst i NV, 2 m SO for topp-punktet Varden. Røysa er 8 m i tverrmål og knapt 0,5 m høg. 20-50 cm store steinar/blokker stikk i dagen gjennom eit tunt mose- og torvlag. Frå dette området og vidare søraustover til gjerdet mot innmarka og langs dette gjerdet sørover, ligg 10-12 cm røyser/haugar som alle verkar oppbygde. Dei er 3-5 m i tverrmål og opp mot 0,5 m høge. Dei er alle tilvaksne med grastorv og berre få steinar/blokker stikk i dagen.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 18 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 0 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.