Fetts fk.nr. 1/1-2 Litleneset
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Røysa fk.nr. 1/1 ligg oppe på ein liten bergrygg. Det verkar som det går eit O-V-gåande søkk midt etter bergryggen. Røysa er bygd over dette søkket. Røysa er svært utkasta og heile den sentrale delen ligg i dag som eit 4-5 m vidt søkk, medan den nordlege og sørlege kanten ligg 0,5-3/4 m høgare. Dette inntrykket av røysa vert truleg forsterka på grunn av skapet på sjølve bergryggen. Røysa er utflytande og lite markert, særleg mot O og V. Noko nøgnare tverrmål er vanskeleg å finna, men ho kan ha vore 12-14 m vid. Dei 30-60 cm store blokkene som røysa er bygd av, er no mykje tilvaksne med mose og torv. I røysa veks det fleire store lauvtre og brakebusker.Røysa fk.nr. 1/2 er 7-8 m i tverrmål. Tverrmålet er noko usikkert då ytterkantane på røysa er lite klårt markerte på grunn av steinar/blokker i det kringliggjande området. Røysa er knapt 1 m høg, noko avflata på toppen. Dei 20-50 cm store steinane/blokkene som røysa er bygd av, er heilt tilgrodde med mose og torv. På røysa veks ein del morkne brakebusker.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 2 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 0 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.