Fetts fk.nr. 2 Rekevikja
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Feltet har ei utstrekning på ca. 70 m N-S og ca. 40 m Ø-V, minkande til ca. 15 m lengst mot nord.Røys 1: Røysa er rund. Synleg, men dårleg markert. Overgrodd med gras og mose, samt eit par små einerbusker. Nokre få stein er synlege, men elles kan steinane kjennast under vegetasjonsdekket. Diameter: ca. 2 m. Høgde: ca. 0,2 m - 0,3 m.Røys 2: Røysa ligg 0,5 m N for 1. Ho er rund, synleg, men dårleg markert. Røysa har ei forsenking i midten. Overgrodd med gras. Ein del stein er synleg i S, SØ og SV. Steinane kan elles kjennast under vegetasjonsdekket. Diameter ca. 2 m, høgde ca. 0,2 m.Røys 3: Røysa ligg ca. 1,5 m Ø frå 1 og 2. Ho er oval, orientert NØ-SV. Synleg, men lite markert. Ein del stein i dagen. Røysa er overgrodd med gras. Mål: Ca. 4 m NØ-SV og 2 m Ø-V. Høgde ca. 0,20 m.Røys 4: Røysa ligg ca. 1 m SSØ for 3. Ho er tilnærma rund, synleg, men dårleg markert. Overvaksen med gras og litt lyng. Lite stein synleg, men kan kjennast. Ei flat oppreist steinhelle - gjerdestolpe - står midt i røysa, og ein tverrgard går tvers over. Røysa har forsenking i V-sida. Diameter ca. 2 m, høgde ca. 0,12 m.Røys 5: Røysa ligg 1 m S for røys 4. Ho er rund, synleg og ganske bra markert. Det er ei forsenking i SØ-sida. Ho er overvaksen med gras og mose, og har eit lite einerkratt i V. Røysa er bygd av ikkje synlege stein. Diameter ca. 2 m, høgde ca. 0,30 m - høgaste i N.Røys 6: Røysa ligg 4 m SV frå 5. Bra synleg og bra markert. Ho er overgrodd med gras og mose og litt einer. Røysa er bygd av ikkje synlege stein. Ein jordfast stein ligg i V-kant, 0,5 m i tverrmål. Diameter ca. 2 m, høgde ca. 0,3 m.Røys 7: Røysa ligg 7 m S for 6. Ho er langstrekt oval, er synleg, men lite markert. Ho er overgrodd med einer, gras, syre, solei. Ingen synlege stein. Lengde: 6 m, breidde: 3 m, høgde: 0,4 m.Røys 8: Røysa ligg 3 m ØSØ frå røys 6. Ho er rund, godt synleg og godt markert. Ho er bygd av stein som no ligg som ein voll rundt eit djupt krater i midten. Dette er ca. 2 m i tverrmål og 0,5 m djupt. Botnlaget i krateret er og dekt av stein som kan kjennast gjennom vegetasjonsdekket, som er gras og mose saman med ein del einerkratt. Graset på denne røysa skil seg merkbart ut frå grasvegetasjonen omkring, då det er lysare grønt og av eit anna slag. Det ligg ein stein i S-ytterkant. Diameter: ca. 5 m, høgde: ca. 0,5 m.Røys 9: Ligg 4 m ØSØ for 8. Ho er oval, synleg, men uklart markert. Ho er overgrodd med einer, lyng, tepperot og gras. Ho er bygd av runde og kantrunda stein som er ca. 0,7 m store i Ø. Lengde: 4 m, breidde: 1,7 m, høgde: 0,3 m.Røys 10: Ligg 24 m SV for 9 og 2 m SØ for grensegjerde. Ho er oval, orientert NØ-SV, synleg, men uklart markert. Ho er overgrodd med røsslyng, einer, torv og gras. Runde steinar som er ca. 0,15 - 0,2 m store, er synlege. Lengde: 3 m, breidde: 2 m, høgde: 0,5 m.Røys 11: Røysa ligg 8 m SØ for røys 10. Ho er rund, godt synleg og bra markert. Røysa har eit krater i midten, og er overgrodd med gras av same type som røys 8, og skil seg difor ut frå vegetasjonen omkring. Røysa er bygd av stein, som kan kjennast under vegetasjonsdekket. I NV ligg ein jordfast stein - 0,6 m i tverrmål og overgrodd med krekling og mose. Diameter: ca. 3,5 m, høgde: ca. 0,60 m.Røys 12: Ligg 11 m SØ for 11. Ho er oval, orientert NNV-SSØ, synleg, men uklart markert. Ho er bygd av kantrunda og runde steinar, 0,1 - 0,3 m store. Lengde: 2 m, breidde 1,5 m, høgde 0,2 m.Røys 13: Røysa ligg ca. 2 m S for røys 12. Ho er rund, godt synleg og godt markert, og synest å vera intakt. Overgrodd med blåbærlyng, røsslyng, mose og litt gras. Ein god del stein er synlege - kanta og kantrunda frå 0,10 - 0,4 m i tverrmål. Diameter ca. 2 m, høgde ca. 0,5 m.Røys 14: Ligg 3 m SØ for 13. Ho er oval, orientert NNØ-SSV, er synleg, men uklart markert. Ho er bygd av kantrunda og runde steinar, ca. 0,1-0,3 m store. Det er ein stor jordfast stein i Ø. Lengde 2 m, breidde 1,7 m, høgde 0,3 m.Røys 15: Røysa ligg 4 m SV for røys 14. Ho er tilnærma rund, lite synleg og dårleg markert. Overgrodd med mose og gras. Nokre få stein er synlege. Røysa er bygd rundt ein låg jordfast stein i S og SV. Diameter ca. 1,5 m, høgde ca. 0,2 m.Røys 16: Ligg 2 m SSV for 15. Ho er tilnærma rund, lite synleg og svært uklart markert.Ho er overgrodd med gras, tepperot og noko klokkelyng. Ho er bygd av kantrunda stein, 0,15-0,20 m store. Stor, flat blokk i SØ-kant, ca. 1,5 m stor. Tverrmål: 2,5 m, høgde: 0,3 m.Røys 17: Røysa ligg ca. 3 m V for røys 16. Forma er uviss, ho er lite synleg og dårleg markert. Berre nokre få stein ligg att. Ho er overgrodd med gras og mose. Røysa er bygd på eit svaberg i S. I V ligg ein stor jordfast stein. Diameter: ca. 1 m.Røys 18: Røysa ligg ca. 6 m NØ for røys 16. Ho er tilnærma rund, synleg, men dårleg markert. Røysa er overgrodd med gras og lyng. Ein del stein synleg, særleg i S. Diameter: ca. 1,5 m, høgde ca. 0,4 m.Røys 19: Ligg 2 m S for 18. Ho er rund, er synleg, men noko uklart markert. Ho er overgrodd med røsslyng, klokkelyng og gras. Bygd av kantrunda og runde steinar, 0,08-0,40 m store. Stor stein på ca. 0,8 m i S. Tverrmål: ca. 3 m, høgde ca. 0,5 m.Merknad: Det er usikkert kva som er gravrøyser og rydningsrøyser på dette feltet.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 19 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 0 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Kirkested· Kinn
Silda kirkested - Kyrkjefarneset
Gravfelt· Kinn
Fetts fk.nr. 2/1-3-4 Tysketuftene
Kirkested· Kinn
Nord-vågsøy kirkested
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.