Fetts fk.nr. 2/1-3
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Samlinga dekkjer eit område som er 45 x 35 m vidt, orientert NNV-SSO.Røysa fk.nr. 2/1 ligg om lag 55 m SSV for våningshuset i ein om lag nordsørgåande steingard som skjer av den vestlegaste delen av røysa. Røysa er om lag 12 m i tverrmål og opptil 1,5 m høg i søre del. Ho er bygd av steinar/blokker. Dei få som stikk i dagen er 20-60 cm. Elles er røysa heilt tilvaksen med grastorv, i søre og vestre del også med lyng og einer. Det veks 5-6 store rogner i nordre del av røysa. Røysa er noko skadd i nordvestre del, ho er her mykje utkasta. Her kan ein delvis sjå ei stor steinblokk eller berget.Røysa fk.nr. 2/2 ligg om lag 1,5 m aust for 2/1. Ho er om lag 15 m i tverrmål og 1,5 m høg. Ho er bygd av 20-50 cm store steinar/blokker som ligg i dagen i eit 2-3 m breitt belte O-V, om lag midt langs røysa. Røysa er noko utkasta, særleg mot SO. Ho er elles tilvaksen med grastorv, lyng, bregner og einer, og det veks fleire store rognetre på ho i nordaustre del.Røysa fk.nr. 2/3, ligg om lag 8 m SSO for 2/2. Ho er om lag 15 m i tverrmål og 1,5 m høg. Ho er bygd av steinar/blokker. Dei som stikk i dagen, særleg i nordaustre del, er 20-50 cm store. Røysa er noko utkasta. Røysa er elles tilvaksen med grastorv, lyng og bregner. Det veks to rognetre i vestre kant og eit bjørketre i SO.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 3 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 10 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Gravfelt· Vanylven
Fetts fk.nr. 1 Hundsneslegene
Gravfelt· Vanylven
Strand Indre
Gravfelt· Stad
Fetts fk.nr. 3/2-10 Grytting
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.