Fetts fk.nr. 1 Hundsneslegene
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Gravfeltet på Hundsnes er om lag 55x55m og ligg på ei flate like vest om elva. Stadnmanet er ei samansetting av elvenamnet hunn og neset som ligg sørvest om gravfeltet. Feltet består av heile 29 mindre gravrøyser og ei hustuft. Hustufta er orientert N-S og har ikkje gavlvegg i sør. Ytre mål på tufta er 10x6 meter og veggane er 2-3 meter breide. Per Fett undersøkte tufta i 1949 og fant då to gruer i tufta. Gravfeltet kan truleg daterast til slutten av eldre jarnalder eller yngre jarnalder. Det vil seie at gravfeltet har blitt anlagt ein gong mellom eldre romertid og vikingtid. Det vart i denne seinare perioden meir vanlig å samle graver nær tunsområde. ------------------------------ Gravfeltet måler kring 55 x 55 m, største mål. Feltet er såleis ikkje av regelbunden, kvadratisk form. Alle fornminna er bra synlege og relativt klårt markerte.Røysa som ligg lengst i NO, Fetts fk.nr. 1/5, måler 15 x 8 m orientert NO-SV og er om lag 1 m høg, målt i S. Røysa er bygd av steinar/blokker, 0,2-0,9 m store. Nordre del av røysa er mykje utkasta. Her ligg ei gravkiste, bygd av steinblokker som er lagt i kant. Kista måler 3,5 x 1 m, orientert NO-SV. Med unnatak av nordre del av røysa der steinane/blokkene ligg i dagen, er det meste av røysa dekt med grastorv.Om lag 6 m V for røysa, Fetts fk.nr. 1/5, ligg ei tuft orientert N-S. Ho måler 2 x 7 m , indre mål. Murane er om lag 2 m tjukke og er bygde av steinar/blokker, 0,2-0,7 m. Murane er på det høgaste om lag 0,4 m. Tufta er open i søre kortvegg.Om lag 2 m V for tufta, Fetts fk.nr. 1/4, ligg ei langrøys 18 x 5 m, orientert OSO-VNV. Røysa tykkjest liggje på ein smal terrassekant. Høgda i S er om lag 0,75 m. Røysa er noko utkasta i søre delen, ho er elles godt grasvaksen. Like N for denne langrøysa, Fetts fk.nr. 1/2 (i hans kartfesting), ligg den nordlegaste røysa i feltet, Fetts fk.nr. 1/1. Dette er ei låg rundrøys, knapt 4 m i tverrmål.Røysa lengst vest i feltet, Fetts fk.nr. 1/16, er ei langrøysa orientert NNO-SSV. Ho måler 7,5 x 3,5 m og er om lag 0,4 m høg. Lengre O i feltet ligg endå to langrøyser, Fetts fk.nr. 1/22 og 1/23, som har liknande orientering og nokon lunde same dimensjonar som Fetts fk.nr. 1/16.Dei andre røysene i feltet må seiest å vera rundrøyser med tverrmål frå om lag 2,5-7 m. Knapt nokon av røysene i feltet er heilt grasdekte. Av røysa Fetts fk.nr. 1/29, står det no att berre ein skalk i SV av di ein traktorveg no sker igjennom søraustre del av gravfeltet.Gravrøysene ligg slik at Fetts fk.nr. 1/5, 1/6, 1/7, 1/9 og 1/28 ligg på gnr. 6, bnr. 4, mens resten, medrekna skalken av Fetts fk.nr. 1/29, ligg på gnr. 6, bnr. 3.Det er vanskeleg å avgjere om det finst fleire fornminne i området enn dei som her er nemnde. Det er mogeleg at gravfeltet strekkjer seg lengre mot N. Like eins ligg nokre steinkonsentrasjonar på austsida av bekken, like NO for røysa Fetts fk.nr. 1/5.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 30 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 10 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Gravfelt· Vanylven
Fetts fk.nr. 2/1-3
Gravfelt· Vanylven
Strand Indre
Kirkested· Vanylven
St. Jetmund kyrkjestad - St. Edmund - Åheim
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.