Storie
Gravfelt

Fetts fk.nr. 2/1-3

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Utsjånad:1). Røysa fk.nr. 2/1 er 13 m i tverrmål og låg, bortsett frå ei lita tue i midten. I tua er eit søkk og der stikk ein del stein i dagen. Røysa har delvis forkjede og er dekt av gras- og mosetorv. Det gror nokre bjørker og rognetre på røysa.2). Røysa fk.nr. 2/2 ligg 2 m SSV for fk.nr. 2/1. Ho er 8 m i tverrmål og låg. Røysa er dekt av gras- og mosetorv, men der stikk stein i dagen og der er delvis fotkjede. Det gror bjørk og rogn krin røysa.3). Røysa fk.nr. 2/3 ligg ytst på bergenden, 3 m SSV for fk.nr. 2/2. Ho er 10 m i tverrmål og opp til 0,75 m høg (frå S og V). Gras- og mosetorv dekkjer røysa, men der stikk ein del stein i dagen. Der er moglegvis fotkjede, men han er ikkje heil. Det gror bjørk på røysa. ------ 2014 Beskrivingane stemmer godt over ein med dagens forhold. Antagelig er røysane enda meir attgrodde enn det dei var i 1979. Dei er svært vanskelige å sjå att. Likevel kan ein fylje kantkjeda av røysane, då det her er nokre markante steinar og ei høgdeforskjell mot bakken enkelte stadar. Ein ser også at det er meir stein i området der røysane ligg enn andre stadar. Alle røysene er lave. Det er ikkje sikkert att røysane har vore spesielt høge. Mindre nærmast flate gravrøyser av stein finn ein fleire stadar. Når røysene i utgangspunktet var plassert på eit høgdedrag, er det ikkje sikkert at ein hadde behov for dei høge konstruksjonane i tillegg.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
3 enkeltminner
Stedfesting
± 5 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.