Storie
Gravfelt

Fetts fk. nr. 1/1-2 og 4-7

Fra Riksantikvarens beskrivelse

1) Røysa fk. nr. 1/1 er 10 m i tverrmål. Den oppbygde delen av røysa er kring 0,5 m høg, men då røysa ligg på ein knaus med skrånande sider, verkar ho høgare. Dette er ei tørr røys bygd av opp til 0,55 m store steinar/blokker. Røysa er mykje utkasta og oppe i ho ligg det ei 0,65x1,40 m vid helle. Det veks nokre bjørker i røysa.2) Røysa fk. nr. 1/2 ligg 11 m VSV for 1. Ho er 6,5 m i tverrmål og kring 0,5 m høg. Røysa har eit stort sår i S som går nærast inn til sentrum, der det ligg ei 1,25 m stor steinblokk. Røysa er lynggrodd.3) Røysa fk. nr. 1/4 ligg 23 m OSO for 1. Ho er 6 m i tverrmål og kring 0,4 m høg. Av røysa ligg der att ein lynggrodd skalk i N, medan sjølve berget stikk i dagen i sentrum, der det også ligg nokre store steinblokker.4) Røysa fk. nr. 1/5 ligg 1 m NNO for fk. nr. 1/4. Ho er 6 m i tverrmål og godt 0,5 m høg. I sørlege og vestlege del er ho noko avskaven. Det veks mose- og lyngtorv på røysa, men ein god del stein ligg i dagen.5) Røysa fk. nr. 1/6 ligg kring 27 m NO for fk. nr. 1/5. Ho er 7 m i tverrmål og kring 0,5 m høg. I midten av røysa er det eit 0,5 m djupt søkk der det ligg eit par steinblokker. Søraustlege del av røysa er noko utkasta og innan dette området ligg det stein i dagen. Elles er røysa dekka av lyng- og mosetorv.6) Røysa fk. nr. 1/7 ligg ca. 33 m N for fk. nr. 1/6. Ho er 9 m i tverrmål og godt 1 m høg. I søraustlege del av røysa er det eit sår som går inn til sentrum, der det er eit 1,5 m vidt og 0,5 m djupt søkk. Ein del stein stikk i dagen, men det meste av røysa er dekka av mose- og grastorv. Eit par bjørke- og rognetre veks i austlege del av røysa.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
6 enkeltminner
Stedfesting
± 10 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.