Fetts fk.nr. 1
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Samlinga inneheld 4 røyser som ligg på rad NNO - SSV, og har ei største utstrekning på 50 m.Røysa fk.nr. 1/1, ligg lengst N. Ved arbeid på kommunevegen vart det fyllt grus og stein på, og inntil røysa, slik at det i dag er umogeleg å måle tverrmål og høgd. I følgje Per Fett (1950), er røys nr. 1 og 2 om lag like store. Tverrmålet på røysa skulle difor vere om lag 10 m. Røysa er tilvaksen med gras og torv.Røysa fk.nr. 1/2, ligg om lag 5 m SSV for fk.nr. 1/1. Ho måler om lag 12 x 10 m, og er orientert NNO - SSV. Røysa er opptil 1,5 m høg, og tilvaksen med tjukk grastorv, men nokre 0,2 - 0,3 m store steinar/blokker stikk i dagen langs kantane av røysa. Det veks einer på røysa og i nordlege del av røysa står det ei klynge med rognetre.Røysa fk.nr. 1/3, ligg tett SSV for fk.nr. 1/2. Røysa ser ut til å vere 7 - 8 m i tverrmål og opptil 1 m høg. Røysa er dekt av tjukk grastorv, og markeringa er difor noko uklår, særleg mot O. Nokre stader stikk 0,2 - 0,3 m store steinar i dagen. Det veks ein del einer på røysa.Røysa fk.nr. 1/4, ligg like SSV for fk.nr. 1/3. Ho er om lag 9 m i tverrmål. Sett frå NV er røysa om lag 1,5 m høg, medan høgda i SO er kring 1 m. Røysa er tilvaksen med grastorv, mose og einer, men ein del 0,2 - 0,3 m store steinar/blokker stikk i dagen. I nordvestlege del er røysa noko omrota og utkasta.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 4 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 10 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Gravfelt· Haram
Fetts fk.nr.4/1-2 Tangen
Krigsminne· Haram
Bjørnøya, HKB 31/976 Bjørnøy
Gravfelt· Haram
Fetts fk.nr.1/1-4
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.