Storie
Gravfelt

Fetts fk.nr.1/1-4

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Feltet har form som ein liggjande likebeina trekant, orientert O - V, og er 50 x 40 m vidt.Røysa, fk.nr. 1/1, ligg lengst i SV på berget og 15 m NNO frå staden der steingarden går ut i sjøen. Røysa er om lag 9 m i tverrmål og godt 1 m høg. I toppen er det eit ovalt 3,5 m vidt søkk, der det er 2 knapt 1 m djupe krater. Røysa er bygd av 5 - 40 cm store steinar/blokker. Desse er noko mosegrodde, og kring kantane på røysa veks det lyng. På røysa veks det eit par mindre bjørkekratt. I sørvestre kant av røysa ligg ei større steinblokk.Røysa, fk.nr. 1/2, ligg 10 m NO for 1. Røysa er ei langrøys, 13 x 7 m, orientert VSV - ONO. Ho er omlag 1 m høg, og er bygd av 10 - 50 cm store steinar/blokker, som stort sett ligg nakne i dagen. Ho er noko utkasta på fleire stader.Røysa, fk.nr. 1/3, ligg tett ONO for 2. Ho er om lag 9 m i tverrmål og 1 m høg. Røysa er bygd av 10 - 40 cm store steinar/blokker som ligg nakne i dagen. Ho er noko utkasta mot SO.Røysa, fk.nr. 1/4, ligg 20 m NNV for 1. Ho er om lag 9 m i tverrmål og godt 1 m høg, men er mykje utkasta mot SV. Røysa er bygd av 15 - 50 cm store steinar/blokker. Dei er tildels mosegrodde, og på dei attståande kantane veks det lyng og mose.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
4 enkeltminner
Stedfesting
± 10 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.