Storie
Gravfelt

Fetts fk.nr. 1/1-2 Langeneset

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Røysene er orientert NNV-SSO. Avstanden imellom dei er 14 m (målt frå kantane).Røysa fk.nr. 1/1 er kring 12 m i tverrmål og 1,2 m høg (målt i V). Ho er bygd opp av stein frå 0,1-0,7 m i tverrmål. Røysa er bra markert og tydeleg i terrenget. Det er i hovudsak naken stein, men her og der er noko gras og lyng. I austre delen er eit krater som er 1,2 m O-V og 1,8 m NS. Djupna er 0,6 m. I og omkring dette veks det gras og bregnar.Røysa fk.nr. 1/2 er kring 12 m i tverrmål. Høgda er 0,6 m (målt i V). Steinane er frå 0,1-0,9 m. Ho er ikkje så godt markert og ikkje tydeleg i terrenget. Det er naken stein, som for det meste ligg i kantane. I sentrale deler av røysa er mest all steinen fjerna over eit område som er ca. 7-8 m i tverrmål. Det vert då att ein krans av stein rundt røysa, med unnatak av i NV, der mest all steinen er fjerna. Røysa er tilgrodd med gras og mose. I nordaustre del av røysa ligg ei helle på kant. Ho er orientert NV-SO. Måla er 0,8 x 0,5 x 0,05 m.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
2 enkeltminner
Stedfesting
± 0 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.