Vinnes - Fetts fk. 1/1-3, Skipaneset
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Frå Per Fett: Fk. 1/1: Røys på Skipaneset, 30 m NV for stova på bnr. 14, 40 m frå sjøen i N og V. Neset er lågt med småknausar, og innimellom er eng. Av røysa er berre ein rest att etter utgraving 1893 (I.Ross). Ho var 11 m i tvm., opphavleg 2 m høg, bygd av stein med torvdekke. Her er stort utsyn. B 4978 låg i ei kiste 70 X 32 cm, 37 cm djup, bygd av 4 kantsette stenar litt NO for midten, dekt av små heller. (Ross nr. 5, nord for husene). Frå ØK-registreringen i 1986: Røysa fk. 1/1 kan vera 10-11 m i tverrmål. I NO står det ein skalk som er kring 0,5 m høg, elles er det berre botnlaget som ligg att. Røysa er heilt overgrodd med gras og mose, men ein kan kjenna steinar under torva. Om lag i midten står eit bjørketre og langs kantane veks ein del lauvtre. Røysa er svært uklårt markert og lite synleg i lendet. Fk. 1/2: Røys 3 m O for fk. 1/1, no rudd til beite i overflata, men ligg visstnok elles for det meste urøyvd. Var 13 m i tvm., og 1,5 m høg. (Ross nr. 6 nord for husene). Kart: Schreuder 1858 16 D 3. Frå ØK-registreringen i 1986: 3 m O for fk. 1/1 omtalar Per Fett ei røys som er "rudd til beite i overflata, men ligg visstnok elles for det meste urøyvd" (fk. 1/2). Her er det i dag så tett lauvtrekratt at det er umogeleg å seia om her er nokon forhøging. Fk. 1/3: Langhaug (Ross nr. 4) ser i dag sers tvilsam ut, 3 m NV for fk. 1/1. Etter Ross 17 X 5 m O - V. Frå ØK-registreringen i 1986: 3 m NV for fk. 1/1 er ein kring 17 x 5 m stor "langhaug" (fk. 1/3), som Per Fett omtalar som "sers tvilsam". Truleg er dette ein naturleg haug.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 3 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 5 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Gravfelt· Bjørnafjorden
Skote - Fetts fk. 5/1-2, Skåtaholmen
Gravfelt· Bjørnafjorden
Vinnes - Fetts fk. 4/1, 4/3-23
Bergkunst· Bjørnafjorden
Vinnes - Bergkunst
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.