Storie
Gravfelt

Vinjo/Draugsvoll - Fetts fk. 2/1-2

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Samlinga er orientert ONO-VSV og utstrekninga er ca. 45 m i denne retninga. Haugen som vert kalla "Kongshaugen", fk. 2/1, ligg lengst mot ONO av dei to. Han er 20 m i tverrmål og kring 1,5 m høg. Haugen er svært ujamn i overflata. Her er tatt ut noko jord og dessutan er haugen tilhaldsstad for sauer. Haugen som er bygd av sandjord, er graskledd og det veks bjørk og rogn på han. Største delen av haugen ligg på Vinje, berre ein skalk på Draugsvoll. Haugen er klårt markert og godt synleg i terrenget. Haugen fk. 2/2, ligg ca. 5 m SV for "Kongshaugen", fk. 2/1. Han måler 11 m ONO-VSV og 6-7 m NNV-SSO, men har truleg vore rund. Innanfor gjerdet til Draugsvoll er det spor etter om lag helvta av haugen, men her er han mykje utjamna og overdyrka. Opprinneleg kan han ha vore ca. 10 m i tvm. Høgda er ca. 0,5 m. Haugen er bygd av sandjord, er graskledd og tilvaksen med rogn og bjørk. Han er bra markert og godt synleg i terrenget.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
2 enkeltminner
Stedfesting
± 5 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.