Storie
Gravfelt

Viknes - Fetts fk. 1/1-2, Hylmestveita

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Gravflokk med 17 røyser og 2 steinleggingar. Nokre av desse kan vere rydningsrøyser. Lokaliteteten vart sist registrert i felt av Jostein Aksdal 16/7-2007, men rapport for dette er ikkje skreven. Sjå Dokumentasjon under Lokalitet for tilgjengeleg dokumentasjon. Lokalitetsutbreiing oppdatert. Kartfesting er gjort på basis av grovteikna lokskisse (i feltbok) og flyfoto og så korrigert etter innmålte GPS-punkt som truleg har noko høg feilmargin. Stor feilmargin må påreknast i kartfestinga, og heile anlegget bør målast inn på nytt. Særleg røys X/10 har usikker plassering. Lokaliteten også registrert av Per Fett. Fett si røys 1 tilsvarar røys I i Aksdal sin dokumentasjon. Fett nr 2 tilsvarar røys VI hjå Aksdal. Fett 3 tilsvarar truleg røys VIII hjå Aksdal, men denne er noko usikker. (Lagt inn av Lars Røgenes, 24.2.2017) Beskrivelse lagt inn før februar 2017, truleg i 1983: Røysa fk. 1/1 er om lag 12 m i tvm. og om lag 0,5 - 1,0 m høg. Ho er godt synleg i terrenget. Røysa er bygd av 0,1 - 0,5 m store steinar/blokker som er mosegrodde. Røysa er elles noko grasvaksen, særleg i austre del. Ho er ein del utkasta mot V. Det veks ei bjørk og ei furu midt i røysa. Langrøysa fk. 1/2 ligg om lag 2 m S for fk. 1/1. Ho er om lag 17 m lang, orientert VNV-OSO, og om lag 6 m brei midt på. Ho smalnar sterkt i begge endane. Røysa er ikkje særleg godt synleg i terrenget, men er tydeleg markert. Ho er bygd av 0,1 - 0,3 m store steinar/blokker som stikk i dagen over det heile. I søre halvdel av røysa er det eit søkk, om lag 5 x 4 m vidt og 0,25 m djupt. Elles er røysa tilvaksen med mose og gras og det veks enkelte små rogne- og bjørkebusker på henne. Om lag 19 m S for vestlegaste enden av langrøysa og dessutan 30 m SV for dette punktet, ligg to andre røyser som kan vera gravrøyser.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
19 enkeltminner
Stedfesting
± 10 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.