Storie
Gravfelt

Viken Park 2020 Lok. 4

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Rett over 30 meter opp i skråninga aust for Toftebergveien – mellom toppane Gudmundsberget og Bjørnesten - kom vi over ei gravrøys i bjørkekrattet. Området er ganske tilvekst av mindre bjørketre, så vi nytta lauvknivane til å rydde røysa fram for dokumentasjonens skuld. Tre store og rotne stubbar står i røysa som minne om den store skogen som sto her for ein del år sidan. Ein del lauv og mose dekker røysa, men det stikk nok stein opp til at vi tenker dette er ei rein røys. Det går ei rekke med kantstein rundt heile røysa, nokre av dei til dels ganske store. I storleik er gravminnet rundt 6-7 meter i diameter, med ei høgd på ca. 0,5 meter. Røysa verkar å vere urørt. Terrenget heller svakt mot nordvest. Ei slik plassering i eit dalsøkk og ikkje oppe på ein topp, gjer at eg tenker røysa i si tid var tilknytt ei ferdselsåre. Den skulle vere synleg for folk som gjekk forbi. Truleg gjekk sjølve tråkket i eller rett i nærleiken av der grusvegen går i dag. Vi er også så å seie på det smalaste punktet i daldraget. Ser vi vekk frå dagens vegetasjon ville det vore nærast uråd ikkje å få auge på gravrøysa om ein gjekk forbi. Dateringa er mest truleg ei eller anna gong i jarnalderen, men vi kan ikkje heilt utelukka bronsealder heller. Nesten nede ved grusvegen flatar terrenget noko ut. Rundt 10 meter frå vegen ligg også ei røys, men denne er ikkje like klar som den i skråninga ovanfor. Det er også veldig tilvekst av småskog her, så vi måtte rydde ein del for å prøve få oversikt. Det var ikkje enkelt å få heilt kontroll på denne røysa. Det er openbart ein stor samling stein, men eksakt form og avgrensing tok for lang tid å gjere for hand. At den er naturleg er tvilsamt – vi har fleire prøvestikk rett ved røysa som ikkje har slike stein i seg, så undergrunnen er ikkje spesielt steinfylt. Nærleiken til gravrøysa ovanfor er openbart eit raudt flagg med tanke på tolking også av denne røysa som mogleg gravminne. Ut i frå det vesle vi kan sjå av den kan det verke som den berre består av eit til to lag stein. Det er difor berre ei marginal forhøgning i senter av røysa – høgda er kanskje rundt 30 cm. Eg har estimert diameter til å vere rundt 8 meter, men dette er litt gissing – jordboret gjev hint om noko stein litt utanfor her også. Det kan vere den er omrota. Vegen ligg ganske nær. Det kan også vere at det har vore fleire røyser tett ved. Grusvegen har klart øydelagt sitt, men verst er det at området vest for vegen er totalt øydelagt. Her har det blitt fjerna masser fleire meter nedetter i grunnen – store delar av dette inngrepet har seinare blitt fylt opp att med masser. Inngrepet strekk seg frå rett nord for ID 275381 og vidare nordover i ukjent omfang, men i retning aust vest er det frå Toftebergveien og heilt til berget på vestsida av dalsøkket – altså heile breidda av dalbotnen. I tillegg fann vi flint i to prøvestikk rett nord for den andre røysa, samt ein bit flint i grøfta langs vegen. Til saman tre avslag. Dette vitnar om at vi også har ein steinalderlokalitet her. Truleg har det vore ein sallokalitet som vender seg sørover lik ID 275381, men er sannsynleg hakket eldre. Om vi estimerer den gamle strandkanten til rundt 38-39 meter er vi i byrjinga av Tverrpilfasen i seinmesolitikum – siste del av eldre steinalder og tidsrommet ca. 4500-3900 fvt. Med tanke på dei ekstreme herjingane som har føregått i området reknar eg med at mesteparten av steinalderlokaliteten er tapt. Undergrunnen verkar i all hovudsak å bestå av raudgul og tørr grus.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
5 enkeltminner
Stedfesting
± 5 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.