Storie
Gravfelt

Vie

Fra Riksantikvarens beskrivelse

043016 og 043 VIE Løland 0062 ØK AM 080-5-2 Fetts fk.nr. 1/3-10,12-15,22-24,30 Ved Fett si registrering i 1958 låg 31 av opphaveleg 60 haugar att. I samband med oppdyrking av Løland-flata er fleire av gravhaugane vortne arkeologisk undersøkte ved utgraving i periodane 1979-80 og 1984-85. Nokre er også truleg gått tapt i samband med dyrking. No ligg 16 gravhaugar att på flata. Eldre jernalder Per Fett 1958: Førhistoriske minne i Fjordane, Førde prestegjeld. Gravfeltet ligg på Løland V for vegen på terrasseflata inn mot fjellfoten. Sørlege del av feltet ligg i beitemark og grensar til gardsvegen, medan resten av feltet ligg i dyrka mark om lag midtveges mellom gardsvegen og fjellfoten. Frå staden har ein utsyn mot Hafstadfjellet i SV, Førdenipa i NNV, Viefjellet i O og Klappeskuret i SSV. Gravfeltet måler om lag 250 x 100-150 m orientert NNV-SSO. Nordlege del av feltet ligg på bnr. 16, medan hovuddelen av feltet ligg på bnr. 43. Ein traktorveg går nordaustover inn i feltet og markerer overgangen mellom beitemarka i sør og dyrka mark i nord. Av opphaveleg 60 haugar ligg no 16 att, nemleg Fetts fk. nr. 1/ 3-10, 12-15, 22-24 og 30. Av desse ligg åtte i beitemarka, fk. nr. 1/3-10, medan resten ligg i dyrka mark. Ein av haugane, fk. nr. 1/30, ligg på bnr. 16. Ein reknar med at feltet også inneheld flatmarksgraver som ikkje er synlege på overflata. Haugane i beitemarka. Den største av haugane i beitemarka, fk. nr. 1/9, markerer det høgste punktet på terrasseflata, 62 m o. h. Han ligg 30 m O for delet der traktorvegen tek av frå gardsvegen. Haugen er 13 m i tverrmål og 1 - 1,5 m høg. Han er mosevaksen med 0,3 - 0,4 m store steinar/blokker som stikk i dagen. I midten er eit stort søkk, 3 - 3,5 m vidt og 0,5 m djupt. Kant i kant med føregåande haug mot O ligg haugen fk. nr. 1/8. Han er 7 m i tverrmål. I NO er han 0,5 m høg, men elles går han mykje i eitt med bakken ikring. Haugen er mosevaksen med ein del 0,3 - 0,4 m store steinar/blokker stikkande i dagen. Tett SO for fk. nr. 1/8 ligg haugen fk. nr. 1/7. Haugen er 5 m i tverrmål, opp mot 0,5 m høg i NO, elles låg. I midten er eit lite søkk, 1 m vidt og 0,1 m djupt. Jamt utover haugen stikk 0,2 - 0,3 m store steinar/blokker i dagen. 9 m OSO for fk. nr. 1/7 ligg haugen fk. nr. 1/6. Han er 8 m i tverrmål og 0,5 m høg. Haugen er mosevaksen med ein del 0,2 - 0,3 m store steinar/blokker stikkande i dagen. I toppen er eit søkk, 1 m vidt og 0,2 m djupt. 3 m SV for fk. nr. 1/6 ligg ein annan haug som er 7 m i tverrmål og 0,5 m høg. Han er mosevaksen med 0,2 - 0,4 m store steinar/blokker stikkande i dagen. I nordaustre del er eit 2,5 x 0,7 m vidt og 0,3 m djupt søkk, som er orientert O-V. 14 m SO for føregåande haug ligg ein haug som er 7 - 8 m i tverrmål, låg og mosevaksen. Ein del 0,2 - 0,4 m store steinar/blokker stikk i dagen. 2 m lenger mot SSO ligg haugen fk. nr. 1/3. Han er 5 - 6 m i tverrmål, låg og mosevaksen. Nokre 0,2 - 0,3 m store steinar/blokker stikk i dagen. 10 m VSV for fk. nr. 1/3 ligg haugen fk. nr. 1/10. Han er 3 m i tverrmål, låg og gras-og mosevaksen. Haugane i dyrka mark. I den dyrka marka på bnr. 43 ligg det tre store haugar som det veks bjørketre på. Den sørlegaste av desse, fk. nr. 1/12, er 17 m i tverrmål og 1 m høg. Han har eit stort søkk i toppen, 8 m vidt og 0,3 m djupt. Haugen har gras-og mosevaksen botnvegetasjon og det veks store bjørketre over heile haugen. Elles stikk det ein del mosevaksne 0,2 - 0,5 m store steinar/blokker i dagen. I vestlege del av haugen er det innpåkasta ein del trestaur. Ved graving i søkket i toppen på haugen vart det før 1909 funne ei 70 x 50 cm vid hellekiste med noko oske i. 10 m NV for fk. nr. 1/12 ligg haugen fk. nr. 1/22. Han er overpløgd og noko vanskeleg å fylgja ytterkanten på, men markerer seg som ei låg forhøging, kring 5 m i tverrmål. Haugen er grasvaksen med spreidde 0,2 m store steinar stikkande i dagen. 6,5 m NV for fk. nr. 1/22 ligg haugen fk. nr. 1/23, som er den andre haugen med bjørketre på. Han er 9,5 m i tverrmål og 0,5 m høg. Ei markant fotkjede går rundt haugen. I midten er det eit 4 m vidt søkk der ein kan sjå mosevaksne 0,2 - 0,4 m store steinar/blokker stikka i dagen. I søkket er det elles innpåkasta mykje kvist. Tett SV for fk. nr. 1/23 ligg haugen fk. nr. 1/24. Han er 5 m i tverrmål, heilt grasvaksen og overpløgd. 7 m SV for fk. nr. 1/24 ligg haugen fk. nr. 1/13. Han er 8 m i tverrmål og 0,5 m høg. Eit stort bjørketre veks i sørvestre kant. Haugen er elles grasvaksen med nokre 0,15 - 0,25 m store steinar/blokker stikkande i dagen. Tett VNV for fk. nr. 1/13 ligg haugen fk. nr. 1/14. Han er 9 m i tverrmål, heilt låg og grasvaksen. Haugen er noko uregelrett i forma, truleg eit resultat av overpløying. 8 m VSV for fk. nr. 1/14 ligg haugen fk. nr. 1/15. Han er 10 m i tverrmål, 1 m høg, grasvaksen og noko avflata på toppen. Haugen vart undersøkt i 1909 av Haakon Shetelig utan at her vart gjort funn anna enn små kolflekker på botnen. Haugen fk. nr. 1/30 ligg på bnr. 16 og markerer den nordlege avsluttinga av feltet. Haugen ligg like VSV for enden av traktorvegen som går innover i den dyrka marka. Som haugane på bnr. 43, ligg også denne haugen om lag midtveges mellom gardsvegen og fjellfoten. Haugen er 22 m i tverrmål og 2 m høg. Det veks store rogne-og bjørketre og ei stor gran på haugen. Botnvegetasjonen er gras og mose. Langs haugkanten veks brennesle og småbusker. Ein del 0,2 - 0,4 m store steinar/blokker stikk i dagen, i nordaustre del også nokre mosevaksne større blokker opp mot 1 m lange. I midten av haugen er det eit 3 m vidt og 1 m djupt søkk.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
16 enkeltminner
Stedfesting
± 5 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.