Vevang Heeres-Küsten-Batterie
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Kystbatteriet på Vevang, Vevang Heeres-Küsten-Batterie, var ein del av Festung Norwegen, dei tyske forsvarsanlegga som vart bygde ut langs heile kysten under den andre verdskrigen. Kystbatteriet låg under artillerigruppe Møre, som eitt av åtte anlegg. Det vart sett opp i juni 1941, og vart utstyrt med fire 10,5 cm K331- kanonar. K331 vart nytta av franskmennene under første verdskrigen, og vart den vanlegaste kanontypen i det tyske kystartilleriet. Dette var ein kanon med hjul-lavett, og med ei skotvidde på omlag 12 000 meter. I mai 1943 vart desse erstatta av fire 8,8 cm Flak luftvernkanonar, med ei skotvidde på 14 000 meter. Det tyske anlegget på Vevang omfatta eit langt større område enn berre kystbatteriet, og hadde mellom anna ein leir for krigsfangar frå ulike land.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Regulert
- Enkeltminner
- 1 enkeltminne
- Stedfesting
- ± 5 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.