Storie
Kirkested

Veøy gamle kirkested

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Veøy kyrkjestad er av dei eldste kyrkjestadene i landet, med spor etter kyrkjer og kyrkjegardar heilt frå 900-talet. Etter tradisjonen skal det ha stått 7 kyrkjer på Veøya. Lokaliteten består i dag av ei Peterskyrkje i stein frå 1100-talet, med tilhøyrande kyrkjegard, samt to eldre kyrkjegardar. Arkeologiske og geofysiske undersøkingar har vist spor etter fleire kyrkjer, og ei av desse kan vere Krosskyrkja som er omtalt på 1300-talet. Det er også påvist det som kan vere eldre kyrkjebygg, samt graver heilt tilbake til 900-talet. Kyrkjene ligg på det høgaste punktet på det gamle eidet som skil Nordøya og Sørøya, og har gode hamner både i Nordvågen og Sørvågen. Området omkring kyrkestaden består av eng og gamal våtmark, medan resten av øya er skogkledd. Det er dokumentert at Veøy har vore hovudkyrkje i prestegjeldet heilt sidan 1480. I 1589 var Veøy hovedkyrkje med anneks på Bolsøy, Rødven, Kleive, Vestnes, Tresfjord, Rød, Vistdalen og Eresfjord. Ved biskopens visitas skulle han på 1430-tallet ha seks nattleger j Widøy. Sjølv om kjøpstaden blei forlatt i seinmellomalderen, var Veøy framleis sentralt som kyrkjestad og prestegard i nyare tid. Kyrkjestaden blei forlatt i 1905, då det blei reist nye kyrkjer på Sølsnes, Holm og Rødven.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
4 enkeltminner
Stedfesting
± 5 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.