Storie
Gravfelt

Uggdal - Fetts fk. 1, Vollane (Bortrydda)

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Frå Fett: "Gravflokk mellom vegen og elva på Uggdalsvollane. Her ligg minst 20 røysar eller restar etter røysar, stundom berre fotmerke fordi stein er teke til steingard mellom bruka. Dei fleste røysane er 5 - 7 m i tvm., 2 er om lag 10 m og ei er 17 m i tvm. Nå mykje utjamna. Kroki i arkivet". Frå ØK-registreringa i 1988: "Røys 1 ligg 78 m N frå der steingarden kryssar hovedvegen mot bnr. 9. Røys 2 ligg 10,5 m NNO for 1. Røys 3 ligg 17 m NNV for 1. Røys 4 ligg 15,5 m ONO for 1. Røys 5 ligg 58 m ONO for 1. Røys 1 er 8 m i diameter og omlag 0,4 m høg. Ho er bygd opp kring eit lite berg som stikk opp i dagen. Røysa er mykje godt grasvaksen, men i nordaustre del av røysa stikk steinar opp. Steinane kan elles kjennast under vegetasjonen. Kantane er dårleg markert. Røysa er synleg på vollen. Røys 2 måler omlag 6 m i diameter og er omlag 0,3 m høg. Røysa er gras- og mosevaksen. Stein kan kjennast under vegetasjonen. Ho har søkk i nordvestre og nordaustre del. 2 - 3 steinblokker stikk opp i dagen, den største er 1,4 m. Røysa viser som ei forhøging på vollen. Røys 3 er omlag 6 m i diameter. Røysa har eit markert søkk i midten, 2,5 m i diameter og 0,2 m djupt. Ho er grasvaksen, men steinar kan kjennast under vegetasjonen. Kantane er ikkje klårt markerte. Røys 4 måler 4 x 3 m, orientert O-V. Røysa ligg som ei lita forhøging på vollen og er omlag 0,10 - 0,15 m høg. Ho er grasvaksen, men steinar kan kjennast under vegetasjonen. 3-4 steinar stikk opp i dagen. Røys 5 måler 7 m i diameter. Røysa er dårleg markert pga. høgt gras som dekkjer ho, men steinar kan kjennast under vegetasjonsdekket. I nordvestre del av røysa er det eit lite søkk. Feltet er dårleg markert og røysene er vanskelege å sjå." Fleire av desse røysene vart sidan skada eller fjerna gjennom nydyrking på gravfeltet. Ei røys var uskadd, ei anna skadd medan tre var fjerna. Dei to bevarte røysene vart undersøkt av Hordaland fylkeskommune og frigitt. I samband med dette arbeidet vart det registrert ei tredje røys. Denne vart undersøkt av Bergen museum, og sidan frigitt.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Uavklart
Enkeltminner
5 enkeltminner
Stedfesting
± 5 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.