Tuft - Fetts fk. 3/1-2 og 3/4, Revsvik
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Samlinga måler omlag 20 x 6 m, orientert ONO-VSV. Røysa fk. 3/1 er kring 6 m i tverrmål og 0,25 - 0,5 m høg. Røysa tykkjest utkasta i sentrum; her ligg nokre blokker, opptil 0,6 m store, i dagen. Einskilde, til dels mosevaksne, blokker kan og sjåast i kantane på røysa. Elles er ho heilt overgrodd med lyng, brake og bregne. Ei stor bjørk står like OSO for røysa. Røysa er uklårt markert og syner dårleg i lendet. Røysa fk. 3/2 ligg omlag 2 m NO for røysa fk. 3/1. Ho måler kring 5 m i tverrmål og er 0,25 - 0,5 m høg. Røysa er heilt tilgrodd med lyng, brake og bregne, men ein kan kjenne stein under vegetasjonsdekket. Mykje av sentrum tykkjest vere utkasta. Kantane på røysa er og tilvaksne med noko gras. I vestre del av sentrum står eit rognetre. Røysa er uklårt markert og syner dårleg i lendet. 1-2 m V for røysa fk. 3/1 ligg ei tredje røys. Ho tykkjest vere omlag 5 m i tverrmål og 0,25 m høg. Røysa er mykje tilgrodd med bregnekratt, brake og lyng, men ein kjenner godt med stein under vegetasjonsdekket. Ho er uklårt markert og syner knapt i lendet. I tillegg til desse tre røysene var her også i førre århundre ei fjerde røys.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 3 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 5 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Gravfelt· Bjørnafjorden
Særvoll - Fetts fk. 4/2, Skukkane
Kirkested· Bjørnafjorden
Strandvik kyrkjestad
Bergkunst· Bjørnafjorden
Vinnes - Fetts fk. 7, Varmeholo
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.