Tingvodl
Fra Riksantikvarens beskrivelse
På toppen av haug:Rundrøys. Torvkledd, men bygd som ei jordfri røys av større og mindre steinar. Iflg. eigaren skal folk på museet ha gravt i midten av røysa utan å finna noko. Det skulle ha hendt for omlag 60 år sidan (i 1967). Seinare hadde ein teke stein her til husgrunnar og anna. Ved steintak i aug. 1967 vart det oppdaga 3 gravkammer. Det eine var uopna, orientert VNV-ASA og låg sentralt plassert ned på auren. Bygd av 4 kantreiste heller med ei dekkhelle over. Ca 14 cm under dekkhella var ei helle til, like stor som kammeret i utstrekning og med eit 5 cm tjukt jordlag over og eit ca 15 cm tjukt kollag under. Kolaget var truleg større enn kammeret i utstrekning. Ingen oldsaker vart funne. L.0,4 m, br. 0,3 m, djupne ca 0,35 m. Eit anna kammer sto nede på auren ca 4 m innafor kanten av røysa. Orientert NNV-SSA. Bygd av 4 kantreiste heller og dekka av 2 heller som var tilhogd langs ein del av kanten. Kammeret hadde vore opna før og var noko øydelagt. Ingen funn. l. ca 0,55 m, br. ca 0,45 m, djupne 0,4 m. Det tredje kammeret sto 6 m innafor kanten og ca 0,25 m over auren. Orientert NV-SA. Bygd av 4 kantreiste heller, den eine med tilhogde kantar. Dekka av ei helle og med ei helle til botn. Oppå botnhella låg skår av eit konisk leirkar med eit øyra på ei side saman med brente bein. ( S9357 a-b). Kammeret var 0,4 x 0,4 m i utstrekning og 0,32 m djupt. Røysa vart heilt fjerna 1974. Den målte ca 25 m i d. og var over 2 m h. Iflg. Bjarne Øvrehus (1977) > skal det NA for røysa ha vore ein rund steinsetning med reiste steinar og N for den ein liten rundhaug der dei skal ha funne somt.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Uavklart
- Enkeltminner
- 3 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 10 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.